Hugs eigenberedskap – ha drikkevatn for sju døgn

Hendinga med drikkevatnet på Rubbestadneset denne helga viser kor raskt noko me tek som sjølvsagt kan bli borte. Bømlo kommune minner difor om råda for eigenberedskap: Du bør vera førebudd på å klara deg sjølv i minst sju døgn.

Følg Bømlo Vatn og Avløpsselskap (BVA) sine kanalar for oppdatert informasjon om drikkevatnet og drikkeforbodet

Laurdag vart det innført drikkeforbod i delar av Bømlo etter at sjøvatn kom inn i vassleidningsnettet på Rubbestadneset. I dei råka områda kan vatnet ikkje brukast som drikke eller matlaging, heller ikkje etter koking.

mann ved vannposar - Klikk for stort bileteKontrollør Trond Sandnes hjalp kundar med å henta naudvann ved basen til BVA i Hollundsdalen. Simon Knutsson Sortland

Bømlo Vatn og Avløpsselskap (BVA) handterer hendinga og informerer om drikkeforbod, prøveresultat, tappepunkt og kva område som til ei kvar tid er råka.

- Me har hatt tett kontakt med den kommunale helseberedskapen gjennom helga, seier beredskapsleiar Audun Halleraker i BVA. Han fortel også at dei fekk veldig god hjelp frå Stord Vatn og Avlaup. I tillegg har BVA plassert ein 10.000 liters tank på kaien i Rubbestadneset. Dette inngår i Naudvannsamarbeidet i Sunnhordland og Nord-Rogaland. 

Han fortel at dei også har laga til ein hentestasjon inne hjå BVA i Hollundsdalen. Her kan folk henta 10 liters eingongsdunkar med vatn. I tillegg er Bømlo brann og redning sin tankbil klargjort for bruk til etterfylla vasstankane om det skulle bli naudsynt. Halleraker legg til at Bømlo Røde Kors hadde mannskap ute i helga for å bemanna naudstasjonane i Rubbestadneset og Hollundsdalen.

- BVA handterer saka godt. Me oppmodar innbyggarane å følgja råda frå BVA inntil me får meir avklaringar frå prøvesvara, seier kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen. 

Dei har planlagt eit snarleg møte med Folkehelseinstituttet for vidare avklaringar og råd. Meir informasjon vil då kome.

Ikkje alle kriser handlar om krig eller ekstremvêr

Eigenberedskap blir ofte omtalt i samband med ein meir uroleg verdssituasjon, ekstremvêr, straumbrot eller digitale åtak. Men hendinga på Rubbestadneset viser at også lokale og uventa hendingar kan påverka heilt grunnleggjande ting i kvardagen vår.

Drikkevatn er noko av det viktigaste du bør ha tenkt gjennom på førehand.

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg skal vera førebudde på å klara seg sjølve i minst sju døgn. Når fleire kan ta vare på seg sjølve og sine næraste, kan kommunen og naudetatane prioritera dei som treng hjelp mest.

Tre liter vatn per person per døgn

Rådet er å ha om lag tre liter drikkevatn per person per døgn til drikke og matlaging.

For sju døgn betyr det om lag:

  • 21 liter for éin person
  • 42 liter for to personar
  • 84 liter for ein familie på fire
     

Har du kjæledyr, må du også rekna med vatn til dei.

Vatnet kan lagrast på reine flasker eller kanner. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opplyser at vatn som blir lagra på rett måte, kan halda seg trygt å drikka i lang tid.

Bruk høvet til å sjekka eigenberedskapen din

Du treng ikkje byggja opp beredskapslageret på éin dag. Start gjerne med drikkevatn og sjekk deretter kva du har av mat, medisinar, lys, varme, batteri, radio og andre nødvendige forsyningar.

Hendinga denne helga er ei påminning om at eigenberedskap ikkje berre handlar om dei store krisene. Det handlar også om å vera litt betre førebudd når noko uventa skjer der me bur.

Les meir:

to menn ved naudvannstasjon - Klikk for stort bileteOve Andre Sønstabø Vedøy hjalp publikum med å fylla vatn ved BVA sin naudvannstasjon på kaien i Rubbestadneset. Simon Knutsson Sortland