Simon Knutsson Sortland
Gamle Bremnes ungdomsskule – BUS-tomta – har lenge vore eit sentralt område i Svortland med stort potensial for framtidig bruk. Kommunedirektøren føreslår at det blir sett i gang eit arbeid med å kartleggje mogleg bruk av tomta til kommunale føremål. Det skal også vurderast om ein konseptkonkurranse kan vere eit aktuelt verktøy for å få fram gode og framtidsretta løysingar. Erfaringar frå andre kommunar som Stavanger, Sel og Karmøy viser at slike konkurransar kan bidra til innovative prosjekt og inkluderande nærmiljø.
Innkalling og protokoll for formannskapsmøtet 6.11.2025
Bakgrunnen for saka er verbalpunkt 4 som vart vedteke i budsjett- og økonomiplanen for 2025–2028. Her bad kommunestyret om at det vart gjort sonderingar i marknaden for å kartleggje interesse for tomta. Administrasjonen har på bakgrunn av dette vurdert tre hovudalternativ: sal, regulering før sal, og vidare utvikling i kommunal regi. Etter ei samla vurdering tilrår kommunedirektøren at det ikkje vert gjennomført sal no.
BUS-tomta har vore nytta sporadisk etter at skulefunksjonen vart lagt ned i 2018, og delar av bygget er i dag i bruk til ungdomsaktivitetar. Gjennom fleire prosjekt og medverknadsprosessar har det kome fram ønskje om å utvikle området til møteplassar og tenestetilbod for innbyggjarane. Kommunedirektøren skal også vurdere relevante tilskotsordningar som kan støtte planlegging og utvikling. Resultatet av kartlegginga og eventuelle forslag til vidare prosess skal leggjast fram for politisk handsaming innan 1. juni 2026.
Formannskapet skal torsdag 6. november også ta opp saker knytt til heving av låneramme for Karmsund Havn IKS, oppstart av ny planstrategi og eigarskapsmelding, endringar i tilskotsordninga for spelemiddelsøknadar, rullering av handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet, og planprogram for kultur, idrett og frivilligheit. I tillegg skal kommunen gje høyringsfråsegn om regionale flyruter, og i lukka sak kåra vinnaren av Eldsjelprisen 2025.
Kommunestyret gjekk for Krisesenter
Møteinnkalling og protokoll frå kommunestyremøte 20.10.2025
Sjå kommunetv-opptak og budsjettpresentasjonen for 2026-2029
Kommunestyret var samrøystes i saka om å vera med vidare i bygginga av nytt Krisesenter på Aksdal til 120 millionar kroner. Tysvær kommune får ansvar som byggherre. Det nye bygget vil gi betre tryggleik, universell utforming og meir effektiv drift. Tilbodet skal dekka 179.000 innbyggjarar i 16 kommunar, og vil styrke kvaliteten og tilgjengelegheita for brukarar og tilsette. Prosjektet medfører auka driftskostnadar for eigarkommunane, som må innarbeidast i økonomiplanane.
Representanten Unni Seim (SV) understreka verdien av langsiktig og uthaldande politisk press, og var glad for at kommunar i Sunnhordland og Nord-Rogaland no har funne saman. Seim har kjempa for dette prosjektet frå oppstarten av ein friviljug driven naudtelefon til opprettinga av Krisesenter for Sunnhordland. Vegard Enerstvedt (H) påpeika også kor viktig denne saka er då vald i nære relasjonar er eit alvorleg problem, også i vår kommune. Kommunalsjef for helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal er styreleiar for krisesenteret.
Lovleg fatta vedtak om nyval
VI-partiet sitt krav om lovlegkontroll av vedtak i sak om opprykk og nyval etter at Thomas Kråkevik Liarøy (Ap) rakk seg frå sine verv grunna utflytting frå kommunen er endeleg avgjort av Statsforvaltaren. Vedtaket inneheld val av nytt medlem og varamedlemmer til formannskapet og valnemnda. Etter Statsforvaltaren sin kontroll er det konkludert med at vedtaket har kome til på rett måte, er gjort av rett organ og har lovleg innhald. Vedtaket er dermed gyldig og det er ikkje klagerett.
Barnevern og omsorgsbustadar
Utval for levekår får i sitt møte 4. november ei orientering om tilbodet Rask psykisk hjelp. På sakskartet står løypemelding om barnevernet etter interpellasjonen i kommunestyret i juni. I framlegg til vedtak står det at kommunestyret tek løypemeldinga til orientering. Vidare at administrasjonen legg fram ei sak med utgreiing om framtidig organisering av barnevernet i Bømlo kommune våren 2026, i tråd med bestilling frå kommunestyret 16.06.2025.
Kommunedirektøren tilrår kommunestyret å ta rapporten «Mandat 30–33 Omsorg pluss – Berekraftige bustadar for framtida» til orientering. Vidare at kommunestyret vedtek hovudtilrådingane frå arbeidsgruppa og ber administrasjonen prioritere:
- Etablering av omsorg pluss-bustadar som nytt nivå i omsorgstrappa.
- Styrking av heimetenestene med meir ressursar, kompetanse og velferdsteknologi.
- Tiltak som støttar og avlastar pårørande.
- Samarbeid med privat næring og Husbanken for å utvikle sentrumsnære og universelt utforma bustadar.
- Vidareutvikling av førebyggjande og helsefremjande tilbod som dagtilbod, friskliv og rehabilitering.
Det skal lagast ein konkret handlingsplan med vurdering av økonomi og administrasjon. Tiltaka skal inn i årleg investeringsplan og økonomiplan.
Målet er gode tenester og balanse mellom institusjonsplassar og bustadar, i tråd med demografisk utvikling og innbyggjarane sine behov.
Møteinnkalling og protokoll Utval for levekår 4.11.2025