Bruk av kunstig intelligens og personvern er blant arbeidsoppgåvene Tryggleiksrådet jobbar med.
KI_generert
Rådet har møter kvar veke, og er eit rådgjevande organ som ser på informasjonstryggleik, personvern og korleis kommunen skal jobba for å førebygga avvik og styrka tryggleiken både fysisk og i digitale tenester.
Arbeidet omfattar mellom anna:
• å gi tilrådingar til kommunedirektøren før større innkjøp eller oppgraderingar av IKT system
• å vurdera risiko når kommunen tek i bruk nye digitale løysingar, eller det kjem endringar i eksisterande
• å følgja opp avvik på området og vurdera om noko skal meldast Datatilsynet
• å ha oversikt, samt sikra gode rutinar for handtering og lagring av personopplysningar
• å halda organisasjonen fagleg oppdatert, særleg rundt personvern, fysisk og digital datatryggleik og opplæring
Tryggleiksrådet samarbeider tett med ulike fagmiljø i kommunen, mellom anna IKT, arkiv, helse og oppvekst for å tryggja at system, rutinar og arbeidsprosessar tek vare på både innbyggjarane og dei tilsette sine data.
Trygg digital kvardag
Den 28. januar markerte kommunen den internasjonale personverndagen. Dette er ein global påminning om kor viktig det er med gode digitale vanar, kritisk haldning til deling av informasjon og ryddige interne rutinar. KS sin «Er du vaken?»-kampanje er eit godt døme på korleis ein kan styrkja merksemda rundt digital tryggleik.
Den same kritiske haldninga som blir brukt i kommunen, kan også verna deg i kvardagen, til dømes for å unngå phishing og annan digital svindel.
Lær meir om trygg digital kvardag på Nkom
Sjekkliste for trygg digital kvardag (PDF, 4 kB)