Lær nyttige beredskapsferdigheiter med speidarane

Kva gjer du dersom vatnet eller straumen blir borte? Laurdag 31. oktober inviterer Meling og Foldrøy speidargrupper til ein praktisk og lærerik dag på Meling. Her kan du sjå og prøva ferdigheiter som kan vera nyttige både i kvardagen og i ein beredskapssituasjon.

speidar kokar kaffi over bål - Klikk for stort bileteMatlaging utan straum vert demonstrert. Meling speidergruppe

Arrangementet er ein del av Eigenberedskapsveka 2026, som går frå 26. oktober til 1. november. Årets nasjonale tema er krisekommunikasjon når elektronisk kommunikasjon fell bort, mellom anna dersom mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) står bak den årlege kampanjen i samarbeid med mellom andre kommunar og frivillige organisasjonar.

Sjå og prøv sjølv

Meling og Foldrøy speidargrupper vil visa korleis praktiske speidarferdigheiter kan koma til nytte når noko uventa skjer.

Du kan mellom anna få sjå og prøva:

  • koking og reinsing av vatn
  • knutar og surring
  • å laga gapahuk og ly
  • å laga ei enkel båre
  • enkle dusjløysingar utan innlagt vatn
  • ulike kokeapparat for matlaging utan straum
  • å laga pannekaker

Arrangementet er ope for alle. Aktivitetane går føre seg ute, så ta på klede og sko som passar til vêret.
 

illustrasjon speidarlogo - Klikk for stort bilete

Tid: Laurdag 31. oktober kl. 12.00–14.00
Stad: På bakken mellom Meling bedehus (speidarhuset) og gamle Meling skule

Du kan parkera ved bedehuset. Speidarane oppmodar dei som er spreke til beins, om å parkera ved Meling skule og ta turen over Melingsheiane.
 

Faktaboks: Eigenberedskapsveka 2026

Eigenberedskapsveka er 26. oktober til 1. november 2026. DSB arrangerer kampanjen saman med statsforvaltarar, kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet. Kampanjen har blitt gjennomført kvart år sidan 2019.

Temaet i 2026 er krisekommunikasjon dersom elektronisk kommunikasjon fell bort. Målet er mellom anna at innbyggjarane skal vita kvar og korleis dei kan få kvalitetssikra informasjon dersom mobilnett og internett ikkje fungerer.

Eigenberedskap handlar om å vera førebudd når noko uventa skjer. DSB tilrår at husstandar skal kunna klara seg sjølve i éi veke dersom viktige tenester blir borte.

Les meir: DSB har samla råd om eigenberedskap på dsb.no/egenberedskap

Sjå også Bømlo kommune si side om eigenberedskap