Lite drahjelp frå statsbudsjettet
Onsdag la Regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett som viser at Bømlo kommune kan få om lag 1,08 milliardar kroner i frie inntekter i 2027. Kommunen vil no gå gjennom tala og gjere eigne vurderingar, mellom anna av skatteinntektene, før budsjettarbeidet held fram.
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter foran inngangen til Bømlo rådhus.
Simon Knutsson Sortland
Dei frie inntektene er venta å auka med 4,2 prosent. Samstundes er pris- og lønsveksten rekna til 3,8 prosent. Når kommunen tek omsyn til dei auka kostnadene, blir den reelle veksten liten. Bømlo ligg midt på treet samanlikna med dei andre kommunane i Vestland når det gjeld inntektsvekst. Samstundes gir ikkje statsbudsjettet signal om større statlege satsingar som vil gi vesentleg meir pengar til kommunen.
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter peikar på at statsbudsjettet ikkje gir særleg støtte til omstillingsarbeidet som skal få kommunen ut av ROBEK. – Difor må me halda fram med å tilpassa kostnadane til inntektene for å sikra økonomisk balanse og dekkja inn tidlegare meirforbruk, seier han.
Sjå alt om budsjettarbeidet i Bømlo kommune