På denne sida finn du all informasjon om ulike steg i budsjettprosessen, viktige dokument og politisk behandling. Det er planlagt ulike informasjonspunkt og -møte for innbyggjarane. Denne sida vert fortløpande oppdatert med ny informasjon ved dei ulike milepålane.
Animasjonsfilmen om status i dag og kva som ventar oss
Viktige datoar i år
1. oktober: Informasjon om den økonomiske situasjonen og ROBEK.
7. oktober - Statsbudsjettet
Statsbudsjettet 2027 lagt fram av regjeringa
Les kommentar frå kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter
8.–25. oktober: Informasjon og dialog med tillitsvalde, vernetenesta, leiarar og tilsette.
26. oktober - Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2027
Kommunedirektøren presenterer budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 for kommunestyret (PDF, 5 MB). Dette er ikkje eit politisk vedtak.
Arkivopptak frå kommunestyretv 26.10.2026
27. oktober–25. november: Informasjon om framlegget og konsekvensane. Me samlar spørsmål og innspel.
Framsikt - publiserte spørsmål og svar frå politikarane om budsjett og økonomiplan 2027-20230
26. november - Formannskapet handsamar kommunedirektøren sitt budsjettframlegg
Formannskapet innstiller budsjettforslag til kommunestyret. Formannskapet legg formelt ut budsjettframlegget til offentleg ettersyn fram til budsjettmøtet i kommunestyret.
27. november–13. desember: Informasjon om ettersyn, innspel og vegen vidare.
30. november: Ope digitalt informasjonsmøte kl. 18.00. MERK: Lenkje til påmelding kjem her.
2. desember: Ope informasjonsmøte kl. 18.00 i kommunestyresalen.
14. desember - Budsjettmøte i kommunestyret
Kommunestyret handsamar og gjer vedtak for budsjettet 2027 og økonomiplan 2027-2030.

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter legg fram sitt framlegg til årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 i kommunestyresalen måndag 26. oktober. Her vil du etterkvart som det vert klar finna faktagrunnlag, talmateriale, presentasjonar og framlegg som vil liggja til grunn for budsjettvedtak i kommunestyret 14. desember 2026.
Slik blir budsjettet behandla
Forslaget til budsjett og økonomiplan (styringsdokument for Bømlo kommune) er resultatet av ein årleg prosess. Kommuneplanen, den vedtekne budsjett- og økonomiplanen for perioden, årsrekneskapen og årsrapporten gir føringar for prosessen. I tillegg får revidert statsbudsjett i mai, og statsbudsjettet i oktober, konsekvensar for kva som blir dei endelege rammene kommunen må forhalde seg til.
1. Administrasjonen utarbeider budsjettforslag.
2. Kommunedirektøren legg fram forslaget.
3. Formannskapet behandlar forslaget og gir innstilling.
4. Forslaget blir politisk behandla.
5. Kommunestyret vedtek endeleg budsjett.
I Bømlo kommune er det kommunedirektøren som utarbeidar eit framlegg som dei folkevalde deretter handsamar. Kommunedirektøren legg i sitt framlegg vekt på tiltak som fagleg og heilskapleg sett er forsvarleg, men som samstundes sørger for eit budsjett som har balanse mellom kjente inntekter og utgifter.
Etter framlegginga for kommunestyret er det formannskapet som skal gje innstilling til vedtak i kommunestyret. Formannskapet innstiller til vedtak om økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding. Økonomiplanen for dei neste fire åra og årsbudsjettet for det komande året skal vedtakast av kommunestyret før årsskiftet.
Sjå også budsjett, økonomiplanar og årsmeldingar
Framsikt
Bømlo kommune brukar Framsikt som er ei skybasert løysing til budsjettering og rapportering. Kommunedirektøren sitt framlegg og etter kvart kommunestyret sitt vedtak finn du her så snart det er offentleg.
Framsikt 2027-2030
14. desember - Budsjettmøte i kommunestyret
Kommunestyret handsamar og gjer vedtak for budsjettet 2027 og økonomiplan 2027-2030
2. desember
Ope informasjonsmøte kl. 18.00 i kommunestyresalen.
30. november
Ope digitalt informasjonsmøte kl. 18.00.
26. november - Formannskapet
Formannskapet innstiller budsjettforslag til kommunestyret. Legg det formelt ut til offentleg ettersyn fram til budsjettmøtet i kommunestyret.
26. oktober - Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2027
Kommunedirektøren presenterer budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 for kommunestyret
7. oktober 2026 kl. 10.00 - Statsbudsjettet
Statsbudsjettet 2027 blir lagt fram av regjeringa onsdag 7. oktober 2026 kl. 10.00. Enkelte nøkkeltal blir publiserte frå kl. 08.00 same morgon.
22. juni - Budsjettkonferanse
Open budsjettkonferanse for kommunestyret og politiske råd:
- PwC presenterer hovudfunn og overordna analyse
- Statsforvaltaren orienterer om kommunen si økonomiske situasjon som ROBEK-registrert
- Kommunedirektøren presenterer skisse til budsjett 2027
Konferansen er ein arena for orientering og drøfting, ikkje for vedtak.
8. juni - PWC orienterer kommunestyret
PWC orienterer kommunestyret om rapport og framlegg til tiltak – i det ordinære kommunestyremøte.
Opptakt til budsjettkonferansen.
6. mai - Offentleggjering av rapporten
30. april - frist for gjennomgang førsteutkast av rapporten
PWC sender utkast til rapport til den administrative prosjektgruppa for retting av feil og eventuelle misforståingar.
Administrasjonen går gjennom rapporten og gir sine tilbakemeldingar på evt faktafeil og misforståingar til PwC. Frist 30. april.
29. april - Levering av rapport
PwC leverer rapport til Bømlo kommune.
Administrasjonen går gjennom rapporten og gir sine tilbakemeldingar til PwC.
Januar - februar 2026
Anbodsprosess i kommunen. PWC blir tildelt oppdrag.
PWC gjennomfører revisjonen, hentar inn informasjon og har intervju med kommunen.
Føremålet er å identifisera innsparingstiltak som skal komplementere andre tiltak kommunen allereie jobbar med. Gjennomfører analysar, intervju og samanlikningar innanfor mandatet frå kommunestyret.
8. desember 2025 - Kommunestyrevedtak
Kommunestyret sitt budsjettvedtak 2026, vedteke 8. desember 2025
«Kommunestyret ber om at det vert gjort ein ekstern revisjon av drifta vår. Den bør vera i tre trinn:
1. Overordna kartlegging og identifisering av områder for meir undersøking
2. Sjå meir på utvalgte områder etter fase 1 (sjå også liste nedanfor)
3. Saman med arbeid med tiltakspakke gjera prioritering og leggja plan for iverksetjing av tiltak.
Kommunestyret ser at det kan vera spesielt interessant å sjå på desse områda (lista er ikkje uttømmande):
• Habiliteringstenester –organisering og nattevaktressursar
• Nivå på og organisering av førebuande tenester for barn og unge
• Tenestenivå innan helse og omsorg
• Organisering av heimebaserte tenester
• Legetenesta
• Moglegheit for administrativ samdrift mellom skular»