- Me kan ikkje møte framtida med dagens innhald og struktur

- Me har forståing for den vanskelege prosessen mange har stått i det siste halvåret med omstillingar innan helsetenestene våre. Dette er ikkje ein panisk reaksjon på dårleg kommuneøkonomi, men tiltak på kort og lang sikt for å vri helsetenestene mot meir styrking av tenester utanfor institusjon for å møta framtida sine utfordringar.

mann viser presentasjon på storskjerm i møterom - Klikk for stort bileteKommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal orienterer formannskapet om bakgrunn og strategi framover for å møta utfordringar innan helsesektoren i framtida. Simon Knutsson Sortland

- Me kan ikkje møte framtida med dagens innhald og struktur. Det blir i hovudsak fleire eldre og færre hender til å yta tenestene. Dette var hovudbodskapen frå  kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal til formannskapet torsdag. Han gav ein grundig gjennomgang av bakgrunnen, dagens situasjon og korleis ein ser for seg omstillinga framover innan helsesektoren vår. Utval for levekår hadde i september 2023 ei eiga sak for å laga mandat til arbeidsgruppa. 

Mellesdal synte til at omstillinga er basert på demografiske framtidsutsikter med fleire eldre og færre hender til å yta tenestene, stramare økonomiske ramer, fleire oppgåver overført frå sjukehus til kommune, forventa endringar i oppgåver til sjukeheim og større hjelpebehov for dei som får langtidsplass på institusjon. 

Han gav status for flyttinga av bebuarar frå Bømlo omsorgstun (BOT) til Bremnes bu og helsesenter (BBH), omstilling blant personale, i organisasjonen og status for institusjonsplassar og heimetenester per januar 2025.

- Det er press på institusjonsplassar og heimetenester som merkast av pårørande, brukarar og våre medarbeidarar. Dette til trass for at me no i starten av 2025 har i drift om lag like mange institusjonsplassar som tidlegare år. Men dette er ikkje ein uvanleg situasjon, og særskilt på denne årstida, seier Mellesdal.

Brukarar godkjent for institusjonplass som står i kø for å få plass får tenester frå heimesjukepleien, eventuelt på korttidsavdeling, medan dei ventar på svar, òg om dei ikkje får institusjonsplass får dei anna tilbod frå helsetenestesta. Me veit at det likevel kan vere ein krevjande situasjon for dei det gjeld. 

- Tøft å stå i stormen

Kommunalsjef Mellesdal la ikkje skjul på at mange har kjent både uro og uvisse i denne prosessen. 

- Personale ved BOT som har halde drifta i gang ein særs god måte, til trass for uvisse og uro for framtida. Dei pårørande som har vore uroa for «sine», og leiarar som har jobba målretta for gjennomføring og «stått i stormen». Det har vore og er vanskeleg, heilt klart, men me må også sjå tilbake på om me har læringspunkt som me skal ta med oss vidare, seier kommunalsjefen. Han poengterte at dette har vore ei uvanleg krevjande tid for tilsette, og at ein må støtta opp om dei endringane me må gjere framover.

Mellesdal synte til ein stegvis strategi for vidare framdrift der første steg var reduksjon av plassar på BOT.  Å styrka på utsida av institusjon som mellom anna dagtilbod, rehabilitering og heimetenestene er avgjerande viktig i tida som kjem. Vidare å stegvis å styrka på institusjon er aktuelt lengre fram når demografien tilseier det. Det blir gjort fortløpande daglege vurderingar for å sikra forsvarlege og gode tenester.  Me skal særleg vere merksam på tilbodet til personar m/demens.

-  Akkurat i desse dagar er helsetenestene i ei krevjande tid då ein skal kombinere dagleg drift med omfattande omstilling. Me skal jobbe både målretta og intenst med å få brikkane på plass. Å jobba for samskaping med innbyggjarar og samfunn, til dømes «Bu trygt heime»-reforma der ein oppmodar folk om å ta gode val tidleg nok. Det må heile tida vere fokus på medarbeidarar og kompetanse, seier Mellesdal.

Sjå presentasjonen til kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal til formannskapet 23.01.2025 (PPTX, 10 MB)

Mandat punkt 42 - Handlingsplan HSO 2023-2024

Vurdera å redusera kapasitet på institusjonsplassar/endring i drift for å vri ressursar mot tiltak til heimebuande og andre prioriterte førebyggjande oppgåver der ein i dag ikkje har kapasitet/tilbod.
Gjera ei samla vurdering av tilbod på langtidsplassar, kortidsplassar, rehabilitering og avlastning. I denne samanheng utgreia etablering av
- meir spesialiserte plassar for enkelte diagnosegrupper
- forsterka skjerma eining
- øyremerka palliativt tilbod

Sjå også: Bakgrunn for endringar i institusjonsplassar og heimetenester

Til toppen