Næringsfrukost med totalberedskap på menyen

Bømlo næringsråd inviterte til frukostmøte med tema totalberedskap og kring 40 personar deltok på brannstasjonen på Svortland.

politimann held føredrag - Klikk for stort biletePolitistasjonssjef Odd Harald Hovland deltok på Bømlo Næringsråd sitt frukostmøte ohg hadde innlegg om Totalberedskapsmeldinga. Simon Knutsson Sortland

Vertskapet Ragnfrid Sønstabø, dagleg leiar i Bømlo næringsråd og brannsjef Ove Halleraker ynskte velkomen. 

- Må pårekna å bli isolerte

Før smørbrøda frå kantina kom på bordet orienterte rådgjevar beredskap og kvalitetsarbeid Bente Ovesen om korleis beredskapen er bygd opp og fungerer i Bømlo kommune. Ho snakka både om kommunen sin overordna beredskap, planverk, øvingar, evalueringar og kommunikasjon før, under og etter beredskapshendingar. 

- Me er ein øykommune og isolasjon må påreknast. Dei færraste beredskapshendingar er ei krise for Bømlo-samfunnet, sjølv om det kan vere det for einskildpersonar. Alt kan skje, men alt kan ikkje planleggjast for. Difor er det viktig å vere førebudd, understreka Ovesen. Ho utfordra oss alle på om me hadde eigenberedskapen vår på stell, om me er budd på ei veke utan straum til dømes.   

Totalberedskapsåret 2026

- Me hadde invitert til frukosmøte med næringslivet, med tema totalberedskap, no tidleg på året. Dei første dagane av året klarte likevel ustabil(e) verdsleiar(ar), å laga tema endå meir aktuelt, seier ordførar Morten Helland. 

Han tok mellom anna for seg næringslivet og det friviljuge organisasjonslivet si rolle i den kommunale beredskapen og om arbeidet i det kommunale beredskapsrådet. - Hos oss var tema totalberedskap. Å vera budd på ulike beredskapssituasjonar, også dei som er forventa å skje frå tid til annan, gjer oss budd til større kriser, også krig. Flott at såpass mange var med, og spesielt kjekt at Odd Harald Hovland, som kjenner utarbeidinga av totalberedskapsmeldinga frå innsida, kunne vera med oss og snakka om den. Viktig tema inn i 2026 som regjeringa har sagt skal vera eit "Totalberedskapsår", seier Helland. 

kvinne ved pult held føredrag - Klikk for stort bileteBeredskapsrådgjevar Bente Ovesen orienterte om kommunen sin beredskap under Bømlo næringsråd sitt frukostmøte på Svortland brannstasjon. Simon Knutsson Sortland

Brannsjef Ove Halleraker orienterte om Bømlo brann og redning si organisering og oppgåver, og korleis dei prøver å møta utfordringane positivt. Mellom anna hadde dei 56 reine helseoppdrag i fjor. Han avrunda med ei omvising på brannstasjonen for frukostgjestene. 

Les om Kommunalt beredskapsråd

Regjeringa la fram Totalberedskapsmeldinga

mykje folk rundt frukostbord - Klikk for stort bileteNær 40 personar deltok på frukostmøtet til Bømlo Næringsråd om totalberedskap på brannstasjonen på Svortland. Ragnfrid Sønstabø