Nettmøte om å bli fosterheim

Tysdag 20. januar klokka 20.00 er det digitalt informasjonsmøte om å bli fosterheim. Kanskje det er noko du har tenkt på?

illustrasjonsbilde - Klikk for stort biletePåminning om digitalt informasjonsmøte 20. januar om å bli fosterheim.

– Når barn og unge treng fosterheim, ønskjer vi at dei skal få bu i sitt nærmiljø – der dei er trygge og kjende i omgjevnadene. Det er oppmodinga frå ordførarane Morten Helland (Bømlo), Wenche Tislevoll (Fitjar) og Sigbjørn Framnes (Stord). Sjå Saman for å skaffe fleire fosterheimar i nærmiljøet

No er kampanjen for å skaffa fleire fosterfamiliar i nærmiljøet inne i fase to som er det digitale informasjonsmøtet. Sett deg til rette i di eiga stove tysdag 20. januar klokka 20.00 og logg deg inn på SIB og Fosterheimstenesta digitalt informasjonsmøte 20. januar 2026 for alle som vil vita meir om korleis ein kan bli fosterheim i sitt nærmiljø.

Les om Ein familie med eit stort hjarta

Les meir om oppfølging og støtte du får som fosterheim på Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB)