No kan du søkja om Fritidskortet 2025

No kan du søkja om Fritidskortet 2025 for barnet dykkar. Ordninga skal bidra til at fleire barn kan delta i ein fast, organisert fritidsaktivitet gjennom året.

stors utescene med publikum - Klikk for stort bileteBremnes-speidarane på leir. Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm

Fritidskortet gjeld for barn mellom 11 og 15 år (fødd 2010–2014) som bur i Bømlo kommune og bur saman med den som søkjer. Har de fleire barn, får kvart barn sitt eige kort.

Slik søkjer du

  • Gå til www.aktivitetforalle.no
  • Opprett brukar, klikk på «Ny søknad» og følg rettleiinga
  • Aktiviteten må vere ein fast, organisert aktivitet i eit lag/ei organisasjon som er registrert i AFA 2.0. Dersom laget ikkje er registrert, må de ta kontakt med laget (ikkje kommunen).

Betaling og refusjon

Du kan velja mellom:

  • Direkte betaling frå kommunen til laget/organisasjonen
  • Refusjon, dersom de allereie har betalt sjølve (de må då leggje ved både faktura og kvittering)

Det er førebels ikkje mogleg å betala restbeløp via Vipps når kommunen betalar direkte til laget. Vipps-løysinga er under arbeid.

Spørsmål?

Meir informasjon finn de på Fritidskortet – Bømlo kommune

Spørsmål kan rettast til:
Johanne Kristiansen
E-post: johanne.kristiansen@bomlo.kommune.no

På grunn av stor saksmengd ber me om at de brukar e-post og ikkje telefon.