Oktober til desember er budsjettid i kommunen
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter legg fram sitt forslag til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 måndag 26. oktober. Deretter går det slag i slag.
I mellomtida kan du sjå denne korte animasjonsfilmen om status i dag og kva som ventar oss.
Kvart år utarbeider kommunedirektøren forslag til budsjett og økonomiplan for Bømlo kommune. Budsjettet viser korleis kommunen planlegg å nytte ressursane sine det komande året, medan økonomiplanen viser prioriteringar og økonomiske utsikter for dei neste fire åra. Kommunestyret gjer vedtak i sitt siste møte i midten av desember. På denne sida finn du all informasjon om ulike steg i budsjettprosessen, viktige dokument og politisk behandling. Det er planlagt ulike informasjonspunkt og -møte for innbyggjarane. Denne sida vert fortløpande oppdatert med ny infomasjon ved dei ulike milepålane.
Sjå Slik lagar me budsjett i Bømlo kommune