Prioriterer etablering av omsorg+ bustadar

Kommunestyret vil ha etablering av omsorg pluss-bustadar i sentrum, ved BOT (Bømlo omsorgstun) og på Moster som eit nytt nivå i omsorgstrappa i tråd med plan og demografisk utvikling.

mann presenterer i storsal - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland orienterer om prosjektide for omsorgpluss bustadar på Moster under arrangemnetet "Koss vil me bu når me blir gamle?"(Arkiv). Simon Knutsson Sortland

Kommunestyret tok rapporten «Mandat 30–33 Omsorg pluss – Berekraftige bustadar for framtida» til orientering, men meiner at siste avsnitt i kapittel 6 ikkje er i tråd med tidlegare vedtak og hovudkonklusjonane i rapporten.  Der står: “Arbeidsgruppa ser at framtidige tiltak vert utfordrande grunna avgrensa ressursar. Ideelt sett ønskjer me nivå 2, 3 og sjukeheimstilbod i alle delar av kommunen, men dette er ikkje berekraftig på sikt. For å sikre kvalitet, tryggleik for brukarane og fagleg tyngde, må tenester samlast. BUS-tomta er difor godt eigna for vidare utbygging med tanke på omsorg pluss og eit generasjonsvenleg samfunn.”

Sjå arkivopptak frå kommunetv 1. desember 2025

Balanse mellom institusjonsplassar og omsorgsbustadar

Kommunestyret sluttar seg til hovudtilrådingane frå arbeidsgruppa, og ber administrasjonen prioritere:

  • etablering av omsorg pluss-bustadar i sentrum, ved BOT og på Moster som eit nytt nivå i omsorgstrappa i tråd med plan, og demografisk utvikling (behov)
  • styrking av heimetenestene med stegvis auka ressursar, kompetanse og bruk av velferdsteknologi
  • tiltak som støttar og avlastar pårørande samarbeid med privat næring og Husbanken for å – i tråd med plan - utvikle fleire sentrumsnære og universelt utforma bustadar både i privat og kommunal regi
  • vidareutvikling og styrking av førebyggjande og helsefremjande tiltak som dagtilbod, frisklivtilbod (evt. frisklivsentral) og rehabilitering

Kommunestyret ber om at det vert utarbeidd ein konkret handlingsplan for gjennomføring av tiltaka, med vurdering av økonomiske og administrative konsekvensar. Dei konkrete tiltaka må innarbeidast i investeringsplan årleg og inngå i økonomiplan. Det overordna føremålet med dette arbeidet skal vere å utvikla gode tenester og balanse mellom institusjonsplassar og omsorgsbustader på ulike nivå. Dette slik at kommunen til ei kvar tid, og i tråd med demografiutvikling, ivaretek behovet til innbyggjarane.

Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 1. desember 2025

Fekk overrekt “Ti køyrereglar for språkbruk”

ungdom overrekkjer plakat til vaksen mann med tre kvinnar som står ved sida - Klikk for stort bileteBømlo ungdomsråd ved nestleiar Karl Magnus Tollaksvik overrekkjer ordførar Morten Helland dei "Ti ordvettreglane" i kommunestyremøtet etter presentasjonen der også ungdomsrådsmedlem Maren Noremark (t.v) og verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta og Maren Laurhammer Gilje ved Bømlo Vaksenopplæring var med. Simon Knutsson Sortland

Kommunestyret fekk ei kort orientering om prosjektet “Ordet fangar” ved verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta, Maren Laurhammer Gilje ved Bømlo Vaksenopplæring og Bømlo ungdomsråd ved nestleiar Karl Magnus Tollaksvik og styremedlem Maren Noremark. Dette er eit program mot rasisme og hatkriminalitet. Det skal inn i kommunalt planverk og byggjer på funn frå Ungdata-undersøkinga og andre elevundersøkingar. Arbeidet skal vera digitalt og levande, med film og nettside som verktøy for å driva prosessen framover. 

Les om prosjektet i saka Ordet fangar – ungdommane tok scena

Nestleiar Tollaksvik overrekte til slutt eit stort skilt med “Ti køyrereglar for språkbruk” utvikla i prosjektet. - Det skal få ei godt synleg plassering på rådhuset, lova ordføraren.

Politisk styring for BUS-tomta

Etter ti år må ein no få fart på planane om bruk og bygging på gamle BUS-tomta var kommunestyret samde om. To av punkta (nr. 1 og 6) vart samrøystes. I pkt. 6 vart det bestemt at formannskapet skal vere ei referansegruppe i arbeidet for å gje klare politiske signal som administrasjonen kan jobba etter.

Vedtaket i seks punkt:  

  1. Kommunestyret mener det er viktig å sikre at vidare utvikling av tomta skjer i tråd med samfunnsnyttige mål og behov
  2. Kommunedirektøren får i oppdrag å starte eit arbeid med å kartlegge om det er kommunale og andre føremål som er tjenlige på tomta
  3. Det skal gjennomførast ein konseptkonkurranse på heile eller deler av BUS tomta
  4. Kommunedirektøren skal vurdere relevante tilskotsordningar som kan støtta planlegging og utvikling av tomta
  5. Resultatet av kartlegginga og forslag til vidare prosess skal leggjast fram for politisk handsaming innan 1. mai 2026
  6. Formannskapet skal brukast som referansegruppe i arbeidet

God styrefart

tre menn og to kvinner på molo - Klikk for stort bileteLars Magne Eidesvik (t.v) og Martin Laurhammer deltok på synfaringa i Bømlo fiskerihamn saman med statsforvaltar Liv Signe Navarsete (t.h), kommunaldirektør Synnøve Stalheim og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (midten). Morten Helland

Den retta emisjonen (innskyting av ny kapital) mellom Hovlandshagen utvikling AS og  Hovlandshagen Invest AS legg til rette for god styrefart i utviklinga av Bømlo fiskerihamn, meiner eit samrøystes fleirtal i Bømlo kommunestyre. Karmsund Havn AS fekk med 26 mot 1 røyst (DNI) tommelen opp frå kommunestyret om å auka opp låneramma frå 800 til 1 200 millionar kroner. 

Eigarskapsmeldinga for Bømlo kommune vart også samrøystes vedteke.

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter peika i si orientering på at fråværet i oktober er 8,4%, som er ned frå i fjor men langtidsfråvær aukar. Økonomisk prognose for året har snudd frå +7,7 mill. kr til -4,3 mill. kr med risiko for ROBEK-registrering i 2026. Skatteinngangen er noko lågare enn venta, men totalt to mill. kr betre enn budsjett. 

Nye retningslinjer for spelemidlar

Sverre Hagerup Sørensen (Ap) fekk full tilslutning for sitt framlegg om retningslinjer for tildelingar av kommunalt tilskot for spelemidlar. Dette betyr at kommunestyret vidarefører ordning med 25% kommunal finansiering for tildeling 2026. Det blir sett av kr 1 250 000 i spelemidlar årleg gjeldande frå 2026. 

Minst 20% av ramma skal gå til nærmiljøanlegg. Om det ikkje er nærmiljøanlegg på prioriteringslista kan heile beløpet betalast ut til ordinære anlegg. Ein søkjar kan motta støtte til fleire anlegg. Ein søkjar kan motta støtte for fleire anlegg samtidig. Kommunedirektøren kjem tilbake med eiga sak om fordeling av kommunalt tilskot våren 2026. Ein bed om at lag og organisasjonar får koma med innspel til kva retningsliner kommunen skal vedta knytt til fordeling.

Kommunestyret vedtok òg samrøystes tilhøyrande sak om rullering av handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet 2026. 

Lista for ordinære anlegg:
1. Bømlo skyttarlag – elektroniske skiver
2. Sentralidrettsanlegget – rehabilitering av rundbaner, kast og hoppefelt
3. Sentralidrettsanlegget – 3 tiltak knytt til grasbane
4. Sentralidrettsanlegget – 2 tiltak knytt til kunstgrasbane
5. Moster idrettslag – rehabilitering av lysanlegg
6. Bremnes skyttarlag - Elektronisk skytebanesystem
7. Bremnes skyttarlag – rehabilitering av utandørsbana

Kommunestyret var og samrøystes i å senda følgjande fråsegn til Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) om forslag til forskrift om tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet:
1.  Bømlo kommune stettar ikkje forslag om at burettslag, velforeiningar og bygdelag ikkje lenger kan  søkje om tilskot til nærmiljøanlegg
2.  Bømlo kommune stettar ikkje forslag om ny fordelingsnøkkel til fylkeskommunane
3.  Bømlo kommune stettar ikkje forslag om at ein ikkje kan søke om tilskot til  prosjekteringskostnadar
4.  Bømlo kommune meiner det bør opnast for at lokale turlag kan søkje om tilskot via spelemiddelordninga

Rokeringar etter nyval

Det vart gjort fleire nyval i kveldens kommunestyremøte. Elisabeth Urangsæter fekk direkte opprykk til fast plass for FrP etter utmelding frå Marianne Steinsvåg Tollaksvik grunna flytting. Steinar Steinsund blir ny fast medlem i utval for alreal og samferdsle. Svein Martens vart vald til ny nestleiar i styret for Bømlo kulturhus etter Vegard Enerstvedt. Mari Pedersen Totland rykk opp og erstattar Thomas Kråkevik-Liaøy som representant i representantskapet til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM), Unni Seim rykk opp og vert 1. vara og Sverre Hagerup Sørensen vert ny 2. vara.

Står fast på Montessori-vedtak

mann på talarstol i politisk møte - Klikk for stort bileteJoar Nesse (VIPartiet) fremja interpellasjonen der dei bad kommunestyret støtta ei klage på Udir sitt avslag på søknad om å oppretta Foldrøy Montessoriskule AS. Simon Knutsson Sortland

Utdanningsdirektoratet har avslått søknaden frå Foldrøy Montessoriskule AS om godkjenning som privatskule. Grunngjevinga er at etableringa kan gi negative konsekvensar for det offentlege skuletilbodet. Joar Nesse la på vegne av VIpartiet, FrP, Senterpartiet, Konservativt og DNI fram ein interpellasjon der dei ber kommunestyret om å klaga på vedtaket innan fristen 5. desember. 

Ei klage ville innehalda ei presisering av tidlegare fråsegn om samfunnsmessig positiv effekt, med faglege og økonomiske argument. Dei peika på at Montessoripedagogikken kan vere eit alternativ for barn med særskilde behov, bidra til bulyst, redusert elevflukt, og god utnytting av kommunale bygg. Fleirtalet H, KrF, Ap og SV var tydelege på at situasjonen med økonomisk press og nedgang i elevtal ikkje er endra sidan dei sende sin uttale til UDIR tidlegare i haust.