PwC rapport gir utanfråblikk før politisk behandling

- PwC gir oss eit utanfråblikk på korleis kommunen er driven i dag, og peikar på alternative vegar vidare.Det er politikarane som må ta vala, men me treng godt kunnskapsgrunnlag før me gjer det, seier ordførar Morten Helland.

skjermdump frå kommunestyretv - Klikk for stort bileteKommunestyret vedtok å få gjennomført ein ekstern gjennomgang av den kommunale drifta i budsjettet for 2026. (Arkivfoto). Skjermdump Kommune-TV

Bømlo kommunestyre vedtok å bestilla ein ekstern og uavhengig gjennomgang i samband med budsjettarbeidet for 2026. Bakgrunnen var ein krevjande økonomisk situasjon og behov for ei breiare forståing av heilskapen i kommunen si drift. Bømlo kommune offentleggjer no rapporten frå konsulentselskapet PwC som fekk oppdraget.

PwC sine analysar og forslag

Rapporten inneheld PwC sine analysar og forslag, og gir eit samla bilde av utfordringar og mogleg handlingsrom for kommunen i åra som kjem. Det er viktig å understreka at rapporten inneheld ingen vedtak. Rapporten legg heller ikkje føringar for politiske avgjerder, men gir eit kunnskapsgrunnlag som politikarane skal ta vidare i den opne og demokratiske prosessen i utvala og kommunestyret.

PwC-rapport: Ekstern revisjon av drift for Bømlo kommune (PDF, 5 MB)

– Dette er eit viktig kunnskapsgrunnlag som peikar på alternative vegar vidare, men det er politikarane som må ta vala, seier ordførar Morten Helland.

PwC har analysert organisering, tenestenivå og økonomi, og peikar på fleire område der kommunen står overfor politiske val og prioriteringar.

– Det er viktig å vere heilt tydeleg på rollene. Dette er PwC sine funn og forslag, ikkje administrasjonen sine. Rapporten er ei politisk bestilling og skal brukast som grunnlag for politisk arbeid, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Samtidig er rapporten eit viktig arbeidsreiskap for administrasjonen i det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan.

Han legg til at administrasjonen vil bruka rapporten aktivt under førebuingane til budsjettframlegget som skal leggjast fram i oktober. Det endelege budsjettvedtaket ligg hos kommunestyret i desembermøtet.

Les meir om bakgrunn, tidslinje og vegen vidare på temasida om ekstern gjennomgang av kommunal drift.

Budsjettkonferanse 22. juni

Rapporten inngår i grunnlaget for vidare arbeid med budsjett og økonomiplan 2027-2030. Måndag 22. juni inviterer kommunen til open budsjettkonferanse for kommunestyret og politiske råd.

På konferansen vil PwC presentera hovudfunn frå rapporten, Statsforvaltaren vil orientera om kommunen si økonomiske situasjon som ROBEK-registrert og kommunedirektøren vil leggje fram ei skisse til budsjett for 2027.

– Budsjettkonferansen skal vere ein arena for open drøfting og felles forståing av situasjonen kommunen står i. Det blir ikkje fatta vedtak her, og det vert heller ikkje opna for å diskutera budsjettrevisjonen 2026 som er ei eiga sak på kommunestyremøtet som startar like etter konferansen. 

Ordføraren er tydeleg på openheit og rollefordelinga i arbeidet vidare. – Dei vala kommunen eventuelt skal ta, må kome etter open debatt og politiske prioriteringar. Det er kommunestyret som eig avgjerdene, ikkje PwC og ikkje administrasjonen, seier Helland.