Samarbeidar om uteskule

Utval for levekår vedtok med 8 mot ei røyst (SV) å tilrå kommunestyret å vidareføra Bømlo kommune si deltaking i Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste (SIB). Utvalsmedlemene fekk også orienteringar om uteskulesamarbeidet ved Våge og Gilje skular, samt Rusmiddelpolitisk handlingsplan.

elevar og vaksen i vatn - Klikk for stort bileteÅ bli trygg i vatn er del av opplegget med uteskulen. i Bømlo kommune

Saka om å vidareføra barnetenesta i SIB eller legge ho inn under våre eiga barne- og familieteneste vart utsett i sist levekårsmøte 14. april for å avventa kva PwC-rapporten ville seie om dette. Tysdag vart saka handsama i utvalet og dei to alternativa røysta over. Fleirtalet gjekk for kommunedirektøren sitt tilrådde alternativ A om å vidareføra tenesta i SIB-regi.

Møteinnkalling og protokoll Utval for levekår 19.05.2026

Uteskule styrkjer læring og inkludering

Våge skule og Gilje skule samarbeider med NLA Høgskolen om prosjektet Uteskule i perioden 2025 til 2027. Målet er å utvikla meir inkluderande, elevaktive og varierte læringsformer som gir elevane auka motivasjon og læring, opplyste rektorane Olaug Norenes Hovda og Maryann Steinsbø i si orientering til utvalet.

Prosjektet tek utgangspunkt i kvardagen ved desse to fådelte skulane og nyttar uteområda aktivt i undervisninga. Uteskule skal knyta læringa tettare til praktiske erfaringar og fagplanar, både ute og inne.

Gjennom samarbeid med NLA får skulane fagleg støtte og tilgang til ny forsking på læring og undervisning. Arbeidet er organisert i lokale arbeidsgrupper og nettverk som legg til rette for kollegial læring og berekraftig utvikling. Målet er at fleire elevar skal oppleva meistring, deltaking og læringsglede i skulekvardagen. 

Ruspolitisk handlingsplan som var oppe som meldingssak var først orientert om ved SLT-koordinator John Herik Staveland Sæter. Utanom organiseringsforma på barnevernet var det berre ei anna politisk sak oppe til behandling og det var Kompetanse og rekrutteringsplan - handlingsplan 2026-2028. Denne vart samrøystes vedteke i tråd med saksframlegget.

Utvalet for levekår si tilråding om barnevernet til kommunestyret

1. Kommunestyret vedtek å vidareføra Bømlo kommune si deltaking i Sunnhordland interkommunale  barnevernsteneste (SIB). 
2. Kommunestyret vedtek konkrete tiltak med mål om betre samhandling og meir føreseieleg tilgjenge, slik at barn og familiar får rett hjelp til rett tid av rett teneste. 
Tiltaka skal omfatta: 
a. Fast og tydeleg kontaktpunkt for Bømlo, med avtalt tilgjenge (digitalt/telefon og fysisk etter fast rytme). 
b. Rutine for tilbakemelding til offentlege meldarar innanfor teieplikta (mottak, vidare prosess og kontakt/rolleavklaring der dette kan opplysast). Innhente samtykke der det er mogleg når fleire tenester er inne og samhandling mellom desse er viktig. 
c. Avtale mellom BFT og SIB om førebyggjande tiltak. Faste tverrfaglege samarbeidsarenaer i Bømlo (BTI/laget rundt barnet) med avklart mandat og deltaking frå barnevern.  
d. Standardisert overgangsrutine ved avslutting av barnevernssak og overføring til andre tenester, for å redusere «glippsoner». 
e. Systematisk kompetanseheving om meldeplikt, bekymringsarbeid og samhandling i kommunen. 
f. Vidareføring av referansegruppa for SIB med tydeleg fokus på elementa over. 
g. Tiltaka for betre samhandling skal rapporterast på i tilstandsrapporten for barnevernet og status skal vera eit fast punkt i den politiske saka som vert skriven i samband med denne.