Sjekk kva ny arealplan betyr for lokalsamfunnet ditt

Bømlo kommune har lagt fram forslag til ny kommuneplan for areal til høyring. Me oppmodar alle som er opptekne av nærmiljøet sitt og utvikling av lokalsamfunnet, eller som har ein eigedom i kommunen om å sjekka kva planforslaget kan bety for desse. Du kan koma med merknader til planen innan 20. januar 2027.

orientering av planar i møte - Klikk for stort bileteRenate Torkelsen på planavdelinga presenterer for formannskapet om styringsgruppa sitt arbeid med kommuneplanen sin arealdel Simon Knutsson Sortland

Kommuneplanen sin arealdel, ofte kalla KPA, legg føringar for korleis areala i kommunen kan brukast og utviklast. Planen kan derfor ha noko å seia for både friområdet for barnehagen, utsikten, eller barn og unge sitt oppvekstmiljø. Har du hus, hytte eller tomt kan planen få innverknad på desse. Det er lagt ned eit stort arbeid med planvask av både administrasjon og ei politisk arbeidsgruppe.

Sjekk nettsida Ny arealdel under arbeid

Planvask går ut på å oppdatere og revidere arealplanar ved å vurdere og eventuelt endre kva eit område skal nyttast til eller korleis det kan byggjast i området. Føremålet med dette er å sikre at plangrunnlaget er oppdatert med omsyn til dagens kunnskap, lovverk og politikk. Dette vil være meir føreseieleg for grunneigarar, utbyggjarar og kommunens saksbehandlarar.

- Dette er eit svært omfattande dokument, og me har ikkje all kunnskap. Difor er det er viktig at alle med interesse for nærområdet sitt og grunneigarar går inn og sjekkar plankartet, og kjem med sine innspel om dei har merknadar til planen, oppmodar ordførar Morten Helland.

Sjekk eigedomen din

Me oppmodar deg til å:
1.    sjekka kva arealføremål og føresegner som gjeld for nærområdet eller eigedomen din i planforslaget
3.    senda inn ein merknad dersom du har innspel til planforslaget

Fristen for å senda merknad er 20. januar 2027.

Kva er kommuneplanen sin arealdel?

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen peikar ut den langsiktige retninga for utviklinga av Bømlo. Arealdelen følgjer opp denne retninga og viser korleis me skal bruka areala i kommunen. Han gir mellom anna føringar for kvar me kan ha bustader, næring, offentlege føremål, fritidsbustader og grøntområde.

Arbeidet med den nye arealdelen byggjer på den vedtekne samfunnsdelen av kommuneplanen og dei politiske måla og prioriteringane som ligg der.

Sjå vedteken samfunnsdel av kommuneplanen 2025-2035 (PDF, 5 MB)

Kom på folkemøte og få hjelp

Bømlo kommune inviterer til folkemøte i delsentra våre. Her får du informasjon om forslaget til ny kommuneplan, og du kan få rettleiing i korleis du finn fram i planen.

Rubbestadneset  - 25. november kl. 18.00 i Rubbhallen
Finnås                      -  1. desember kl. 19.00 på Bømlo folkehøgskule
Svortland                -  7. desember kl. 18.00 i kommunestyresalen
Moster                     -  8. desember kl. 18.00 i Steinsalen, Moster Amfi
Langevåg               - 12. desember kl. 18.00 i Bygdatunet

På møta kan du få meir informasjon om planforslaget og hjelp til å finna fram i plankart og dokument. Alle kan koma med merknader til planforslaget. 

Merknadsfrist: 20. januar 2027.

Send merknad til planforslaget