Sommarjobb i vest er ei nettside for å søkje sommarjobbar i Vestland sine kommunar.På sommarjobbivest.no finn du jobbar som passar for ungdom mellom 15 og 17 år. Nettstaden gir deg god oversikt over kva du kan søkje på, når du kan jobba, og korleis du sender inn søknaden. Tilbodet er ope for ungdom i heile Sunnhordland, og det er lett å koma i gang.
Jobb hos oss
Bømlo kommune lyser òg ut fleire sommarjobbar kvart år. Her kan du jobba innan helse og omsorg, reinhald, drift, utearbeid, kultur eller ulike aktivitetstilbod. Du finn alle stillingane og høve til å søkja digitalt på Ledige stillingar på vår nettside.
Ein sommarjobb er ein god måte å få arbeidserfaring, tene eigne pengar og møta nye folk. Du får prøve deg i ein ekte jobb og lære ting som du kan ta med deg vidare.