Stramt budsjettforslag med behov for større omstilling

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter føreslår å redusera driftsramma med 32 millionar kroner i framlegget til budsjett og økonomiplan for 2027–2030. Målet er å få økonomien i balanse og samstundes ta vare på kompetansen og utviklingskrafta kommunen treng.

mann presenterer frå talarstol - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter presenterte sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2027-2030. Simon Knutsson Sortland

– Me må gjennomføra ei større omstilling for å få økonomien i balanse. Samstundes må me gjennomføra endringane slik at me tek vare på nødvendig kompetanse og kan utvikla tenestene vidare. Bømlo skal framleis vera ein attraktiv kommune for innovasjon, tilflytting og utvikling, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Måndag presenterte han framlegget til budsjett og økonomiplan for 2027–2030 som syner at kommunen skal yta tenester for om lag 1,1 milliardar kroner. Likevel vil økonomien og ressursane setja tydelege grenser for kva kommunen kan arbeida med og følgja opp dei neste åra.

Arkivopptak frå kommunestyretv 26.10.2026

Prioritera kjerneoppgåver

– Me skal prioritera kjerneoppgåvene. Det betyr trygg styring og god beredskap, tidleg innsats for barn og unge, lovpålagde helse- og omsorgstenester og nødvendig vedlikehald og samfunnsutvikling. Me må òg førebyggja meir, utnytta kompetansen betre og styrkja digitaliseringa og samarbeidet på tvers av seksjonane, seier Aga Gjøsæter.

Kommunedirektøren vil styrkja beredskapen, gjennomføra digital transformasjon og innføra eit tenleg personal-, økonomi- og verksemdssystem. Kommunen skal samordna tenestene betre, samarbeida med frivillige lag og organisasjonar og bruka prosjektmidlar aktivt for å sikra utvikling. 

Innan helse og omsorg skal kommunen oppfylla lovkrava og utvikla ein bustadstruktur som møter framtidige behov. Nye arbeidsformer og velferdsteknologi skal frigjera ressursar til oppgåvene som krev menneskeleg omsorg og nærleik.

illustrasjon velferdsteknologi - Klikk for stort bileteNytt varslingsanlegg installert på Bømlo bu- og helsesenter Simon Knutsson Sortland

Kommunen skal òg prioritera nødvendig vedlikehald og planarbeid som legg til rette for innovasjon og næringsutvikling. Digital sakshandsaming og betre dialog med innbyggjarane skal gjera tenestene enklare og meir tilgjengelege. ENØK-tiltak skal bidra til å redusera energikostnadene.

– Me må redusera investeringane ytterlegare for å få ned gjelda og rentebelastninga. Det betyr at me ikkje kan gjennomføra alle oppgåvene og satsingane me gjerne skulle ha prioritert. Likevel skal me utvikla kommunen så godt me kan innanfor rammene me har, seier kommunedirektøren.

Må framleis leggja til rette for utvikling

Kommunen må gjera tydelege prioriteringar, men målet er å gjennomføra endringane på ein måte som tek vare på viktige tenester og legg til rette for vidare utvikling. Budsjettframlegget har ei samla ramme for driftsutgifter på 1,356 milliardar kroner. Av dette går 1,110 milliardar kroner til tenesteproduksjon. Kommunedirektøren legg opp til eit årsresultat på 12,2 millionar kroner i 2027. Kommunen skal bruka resultatet til å dekkja oppsamla meirforbruk.

Framlegget omfattar auka eigedomsskatt, endringar i leiarstrukturen og ytterlegare reduksjon i stillingar innan stab og støttetenester. Kommunedirektøren føreslår òg endringar innan oppvekst, helse og omsorg, bygningsvedlikehald, samferdsel, landbruk og miljø.

Kommunedirektøren vil redusera talet på årsverk til 800 gjennom økonomiplanperioden. Tiltaka skal samla redusera talet på årsverk med 31. Dersom kommunen må gå til oppseiingar, skal administrasjonen gjennomføra ryddige prosessar i samarbeid med hovudverneombodet og dei hovudtillitsvalde.

ROBEK gir mindre økonomisk handlingsrom

Den økonomiske situasjonen i 2026 har blitt meir krevjande. Prognosen peikar mot eit negativt resultat for året. Venta meirforbruk i tenestene, lågare havbruksinntekter og høge straum- og rentekostnader er blant årsakene.

Framlegget legg opp til ei samla inndekking på 48,3 millionar kroner i perioden 2028–2030, i tillegg til eventuell inndekking i 2026. Målet er at kommunen skal koma ut av ROBEK i 2030.

ROBEK-statusen gir kommunen mindre handlingsrom til både drift og investeringar.

Mindre investeringar

Kommunedirektøren legg ikkje opp til store nye investeringar. Kommunen skal i hovudsak prioritera tiltak som er nødvendige for drift og utvikling.
Investeringsframlegget omfattar mindre oppgraderingar av kommunale bygg, trafikksikring, IKT-utstyr i skulen, omsorgsteknologi og digital transformasjon. Kommunedirektøren prioriterer òg ein årleg sum til omsorgsbustader.

Våge skule er ikkje med i investeringsplanen. Kommunedirektøren varslar ei eiga politisk sak om skulen i første halvdel av 2027. Budsjettframlegget set ei øvre ramme på 36,9 millionar kroner til investeringar og nye lån i 2027.

Godt skodde for omstillinga

– Årets framlegg gir oss lite handlingsrom og inneheld store endringar som får direkte følgjer for tilsette, arbeidsforhold og tenestene våre. Me står føre nokre tøffe år. Difor må me styrkja motstandskrafta, byggja ein robust økonomi og bruka arbeidskrafta og kompetansen vår betre, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Han understrekar samstundes at kommunen har eit godt grunnlag for å gjennomføra omstillinga. – Trass i utfordringane er eg trygg på at me skal halda fram med å levera gode tenester og utvikla dei til beste for innbyggjarane. Me skal ikkje undervurdera krafta i ein organisasjon med lite pengar. Dei driftige tilsette i Bømlo kommune har vist denne krafta gjennom fleire år, avrunda Aga Gjøsæter.

Informasjonsmøter om budsjettet

Dette er kommunedirektøren sitt framlegg. No skal våre folkevalde handsama framlegget og kome med sine prioriteringar i budsjettet og økonomiplanen. 

Formannskapet skal behandla framlegget 26. november før kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak 14. desember. Formannskapet si innstilling til kommunestyret vert lagt ut på offentleg høyring fram mot kommunestyremøtet. 

Det vert to opne informasjonsmøter om budsjettet, eit digitalt måndag 30. november og eit fysisk i kommunestyresalen onsdag 2. november. Her kan publikum stille spørsmål og få avklaringar kring budsjettet.

Følg med på vår nettside Slik lagar me budsjett for oppdateringar og lenkjer

Framlegga til prioriteringar og reduksjonar i seksjonane

Sentrale styringsorgan

Kommunedirektøren vil prioritera forsvarleg utgreiing av politiske saker, gjennomføring av politiske vedtak, IKT-tryggleik, digital transformasjon, beredskap og innføring av eit nytt økonomi- og verksemdssystem.

Framlegget reduserer driftsramma og talet på forvaltningsrevisjonar. Det reduserer òg enkelte tilskot og lisenskostnader og avsluttar miljøfyrtårnsertifiseringa.

Oppvekst, kultur og idrett

Kommunedirektøren vil halda lærarnorma i grunnskulen. Han vil prioritera førebygging og tidleg innsats for barn, unge og familiar, betre samordning av tenestene og gode fysiske møteplassar for ungdom. Kommunen skal òg prioritera kompetanseutvikling, prosjektmidlar og samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Færre barn og unge gjer at kommunen må tilpassa strukturen og ressursbruken. Kommunedirektøren føreslår å redusera ressursane i grunnskulen og bemanninga i vaksenopplæringa, flytta ungdomstrinnet ved Hillestveit og avvikla Alvsvåg alternative opplæringsarena.

Framlegget reduserer òg talet på stillingar og elevplassar i kulturskulen. Biblioteket får mindre bemanning og aktivitet. Kommunedirektøren vil avvikla fritidskortet og redusera enkelte tilskotsordningar. Symjehallen må auka inntektene. Endringane gir mindre fleksibilitet og gjer tenestene meir sårbare.

Helse, sosial og omsorg

Vigdis Økland, Margrethe Simonsen Hope, Jobbsjansen-deltakar Pallavi Bhimanadam, bioingeniør Solveig Nesse Hallaråker, verksemdleiar legetenesta Monica Tofte Amundsen og Ida Frimannslund Simon Knutsson Sortland

Kommunedirektøren vil prioritera lovpålagde tenester, fleire institusjonsplassar og Omsorg pluss-bustader. Han vil òg prioritera heimetenester, nødvendig bemanning og kompetanse, ein tenleg bustadstruktur, velferdsteknologi, nye arbeidsformer og legetenesta.

Framlegget gir ikkje nye midlar til Omsorg pluss eller Nye Mønster i 2027, men legg opp til at seksjonen kan omfordela midlar innanfor den samla ramma.

Fleire eldre, færre tilgjengelege arbeidstakarar og fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta pregar utfordringsbildet. Kommunedirektøren føreslår difor endringar i struktur, organisering, tenestestandard, tildelingspraksis, bemanning og arbeidsdeling. Han føreslår òg å redusera budsjettet til legevikarar.

Samfunnsutvikling

Kommunedirektøren vil framleis prioritera vedlikehald og reparasjonar som er nødvendige for tryggleiken. Han vil òg prioritera kommuneplanen sin arealdel, næringsutvikling, digital dialog med innbyggjarar og næringsliv, enklare sakshandsaming og energisparande tiltak i kommunale bygg.

Framlegget reduserer eller utset delar av vedlikehaldet og reparasjonane. Det reduserer òg bistanden til landbruket og kommunen si deltaking i regionale og nasjonale miljøsatsingar.

Kommunen må prioritera strengare mellom planarbeid, investeringar og utviklingsprosjekt. Endringane kan mellom anna få følgjer for vintervedlikehaldet og prosjektsamarbeidet med andre samfunnsaktørar.