Time kommune ved ordførar og kommunedirektør deltok via Teams i administrasjonsutvalet sitt møte i kommunestyresalen der kuttprosessar stod på dagsorden..
Simon Knutsson Sortland
Dette var tema under Administrasjonsutvalet, som er formannskapet utvida med tilitsvalde for dei tilsette og hovudverneombodet, sitt møte torsdag. Her fekk dei orientering frå ordførar og kommunedirektør i Time kommune om deira erfaringar med referansegruppe for å gjere naudsynte omstillingar tvinga fram av store økonomiske utfordringar.
Frå store minus til pluss i drifta
Time kommune sitt meirforbruk auka frå 18 millionar kroner i 2021til 53 millionar kroner i i 2023. Ein stor skattesvikt gjorde at dei styrte mot eit underskot på 70 millionar kroner i 2024.
- Sentrale faktorar for at me lukkast med å oppnå eit positivt driftsresultat var å få samla eit politisk fleirtal for nedskjeringar, samarbeid med hovudtillitsvalde og administrasjonsutvalet, opprettinga av ei referansegruppe og der prosessane i organisasjonen gjekk nedanfrå og opp, trekte Time kommune fram.
- Me såg eit godt døme på korleis endra nedanfrå og opp ved endringa i brannberedskapen på Espevær for å spara utgifter men halde fram med god beredskap, var eit døme kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter synte til. Han fekk gehør for sin plan for oppretting av ei breitt samansett økonomisk referansegruppe utan vedtaksmynde og arbeidsplanen framover med økonomi og budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030.
Kommunestyret måndag 8. juni vil få ei orientering frå PwC via Teams om funna og framlegg til tiltak i deira rapport som kommunestyret tinga for gjennomgang av den kommunale drifta. Måndag 22. juni vert det i forkant av kommunestyremøtet ein budsjettkonferanse der kommunedirektøren presenterar ei grovskisse til budsjett 2027, PwC kjem og orienterer meir frå sin rapport og Statsforvaltar vil orientere om ROBEK-registreringa av Bømlo kommune.