Tillit og gode naboar gjer oss meir robuste

I Totalberedskapsåret 2026 er det ekstra fokus på korleis vi kan ta vare på kvarandre når uventa hendingar skjer.

mann i beredskapslager_illustrasjon - Klikk for stort bileteDet er lurt å skaffa seg ein beredskapsven. DSB

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) oppmodar alle til å ha god eigenberedskap og gjerne ein «beredskapsvenn» – ein nabo, venn eller familieperson som du kan støtta deg på og hjelpa i ein krisesituasjon.

Samtidig minner Verdsdagen for psykisk helse oss om at tillit og gode relasjonar er ein viktig del av beredskapen vår. Å kjenna at nokon bryr seg, å ha nokon å prata med og å vera ein del av eit fellesskap, kan gjera det lettare å handtera både små og store utfordringar.

Når Oliver Bergset kjem til Bømlo i samband med Verdsdagen for psykisk helse onsdag 14. oktober i Bømlo kulturhus, står nettopp tillit i sentrum. Sjølv om innlegget hans er retta mot ungdom, er bodskapen like aktuell for besteforeldre og andre vaksne: Kvar handling tel. Eit besøk, ein telefon eller ein prat over gjerdet kan gjera ein stor forskjell. Slik byggjer vi både psykisk helse og lokal beredskap.

På døra veke 41 (PDF, 3 MB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 12.-18. oktober 2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 41 i informasjonsskrivet På døra er Verdsdagen for psykisk helse. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.