Vaksinasjonsprogram for vaksne i Bømlo 2025

Vaksenvasinasjonsprogrammet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, samt yngre personar som er i risikogrupper på grunn av underliggande sjukdom. For å sikra god tilgang på vaksiner for bebuarar i Bømlo vil kommunen som tidlegare år tilby samvaksinasjon på vaksinedagar. 

Influensasesongen bankar no døra, og med den tilhøyrande vaksinering. Det vart 1.6.2025 innført nytt vaksinasjonsprogram for vaksne. Det har kommunen tidlegare omtalt her. Målet med vaksinasjon er å førebyggje sjukdom og dødsfall. 

Vaksiner i vaksenvaksinasjonsprogrammet  

  • Årleg vaksine mot sesonginfluensa
  • Årleg vaksine mot covid-19
  • Pneumokokkvaksine til dei som fyller 65 år i år
    Risikogrupper vert definert av folkehelseinstituttet. Lenke til kva som er definert som risikogrupper finn du ved å trykke på lenkjene over.

Merk: I det nye vaksinasjonsprogrammet er pneumokokkvaksine kun for dei som er fødd i året 1960 inkludert. Me kan berre tilby vaksiner i vaksenvaksinasjonsprogrammet på vaksinedagane. Dersom du treng pneumokokkvaksine og er fødd før 1960, eller er i risikogruppe må du ta kontakt med legen din for resept. Du kan hente ut vaksine og få satt den på legekontor eller apotek. Det er anbefalt påfyll kvart 6.år. Du kan sjekke vaksinestatus på helsenorge.no

Datoar og klokkeslett for influensa-, korona- og pneumokokkvaksinering

tabell vaksinetidspunkt - Klikk for stort bileteOversikt over vaksinestader i Bømlo haust/vinter 2025/2026.


 
Prisar for vaksiner

Du betalar ein eigendel når du tek vaksine. Det er rabattert pris dersom du tek fleire vaksiner på same tid. PS:, rabatt gjeld ikkje dersom du tek vaksinane på ulike tidspunkt. Prisane nedanfor gjeld for personar i risikogruppa.

pristabell vaksinasjon - Klikk for stort biletePrisoversikt for vaksiner og samvaksinasjon 2025/2026.

*Gjeld kun personar fødd i 1960, då det er dei som er inkludert i voksenvaksinasjonsprogrammet

Pris for pneumokokkvaksine for øvrig befolkning blir vaksinepris på apotek + eigenandel for administrasjon og registrering

Anna informasjon

For personar utanfor risikogrupper kan ein venda seg til apotek for influensavaksine. For personar utanfor risikogrupper kan ein få resept frå fastlege på koronavaksine. Dersom du har feber over 38 grader på vaksinedagen må du utsette timen. Det vil mot slutten av november bli sendt påminning til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet. Det skal vere mogleg å reservere seg frå å få desse påminningane på helsenorge.no

Kontakt

Har du spørsmål vedrørande vaksinering og vaksinedagar ta kontakt med Bremnes helsestasjon - 534 23 337
For barn i risikogrupper som ikkje kan komme på massevaksinedag kan ein kontakte Bremnes helsestasjon for timeavtale.