Vaksinasjonssesongen startar 17. november

Bømlo kommune inviterer til influensa- og koronavaksinering for personer som inkluderes i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Vaksineringa føregår på Foldrøy skule, Langevåg legekontor og Espevær bedehus.

Me oppmodar så langt det er mogleg om samkøyring til Foldrøy skule, då talet på parkeringsplassar er avgrensa og me ønskjer å redusera unødvendig trafikk.

tabell tidspunkt - Klikk for stort bileteVaksinasjonsdatoar haust og vinter 2026-2027.

Programmet omfattar:
• Personar frå og med det året dei fyller 65 år
• Yngre personar i risikogrupper på grunn av underliggjande sjukdom

Målet med vaksinasjon er å førebyggja alvorleg sjukdom, komplikasjonar og dødsfall.
• Årleg vaksine mot sesonginfluensa
• Årleg vaksine mot covid-19
• Pneumokokkvaksine til personar som fyller 65 år i 2026 (fødde i 1961) og til personar fødde i 1960 som ikkje fekk denne vaksinen i fjor.

Tilrådd til alle over 65 år

Influensavaksine vert tilrådd til alle over 65 år og til personar med underliggjande sjukdom. Koronavaksine vert tilrådd til personar med auka risiko for alvorleg sjukdom, inkludert alle over 75 år. Personar mellom 65 og 74 år som ikkje høyrer til ei risikogruppe, får òg tilbod om koronavaksine. Alle personar over 65 år er tilrådde vaksine mot pneumokokksjukdom. Dersom du er fødd før 1960eller høyrer til ei risikogruppe, må du kontakte fastlegen for resept.

Vaksinen kan setjast på legekontor eller apotek. Moster legekontor tilbyr influensavaksine som tidlegare år til pasientar med fastlege på Moster.

Prisar enkeltvaksinar

Influensavaksine: 308 kr | Koronavaksine: 110 kr | Pneumokokkvaksine*: 110 kr

Rabatt ved samvaksinasjon

Influensa + korona: 393 kr | Influensa + pneumokokk*: 393 kr | Influensa + korona + pneumokokk*: 478 kr | Korona + pneumokokk*: 170 kr
* Gjeld berre personar fødde i 1960 og 1961 omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet.

Velkomen til vaksinering!

Sjå også: Gode råd medan du ventar på influensavaksinering