Vedtak av reguleringsplan bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. Planid 201410

Reguleringsplan bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. Planid 201410 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 11.06.2025. 

Plankart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet

Føremålet med planen er leggje til rette for både nærings- og bustadføremål, samt tilhøyrande trafikk-, leike- og friluftsområde. I vest er det planlagt om lag 200 bustadeiningar med ulike bustadtypar, medan austområdet skal nyttast til næring, inkludert kontor, butikkar og lett industri – men ikkje tung industri. Langs austgrensa vert det etablert grøntområde som buffer mot landbruksareal.

Det er Kommunestyret som har vedtatt reguleringsplan bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. Planid 201410 . Vedtaket vart gjort med 15 mot 12 stemmer i møte den 28.04.2025 i sak PS 21/25.

Planen erstattar delar reguleringsplanane R-134 Rv 542 Rubbestad- Stokkabekken og R 114 Rv 542 Hollundskjosen- Hollundsdalen.  Delane som vert erstatta er derfor oppheva.  

Det er mogleg å klaga på vedtatt plan. Frist for å klaga på planen er 11.06.2025.  

Klager kan sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no