Kva gjer du dersom dersom mobilnett og internett ikkje verkar? Har du det du treng om vatnet eller straumen skulle bli vekke i sju døgn? Dette er eit nasjonalt fokus denne veka, og også internt i kommunen.
Informasjonspunkt ved bortfall av mobilnett og internett
Oppmøtestadar for viktig informasjon om mobilnett og internett ikkje verkar.Når mobilnettet eller internett ikkje verkar, kan kommunen opna informasjonspunkt for innbyggjarane. Her kan du få oppdatert informasjon om situasjonen, kommunen sine tenester og andre forhold som påverkar deg. Kommunen opnar informasjonspunktet i rådhuset på Svortland innan 24 timar. Informasjonspunkta i delsentra opnar innan 72 timar.
Du kan òg få hjelp til å formidla viktige beskjedar til nødetatane. Dersom du må kontakta nødetatane direkte, kan du møta opp på hovudbrannstasjonen i på Svortland. Stasjonen er open heile døgnet.
Informasjonspunkta erstattar ikkje eigenberedskap. Alle som kan, bør vera førebudde på å klara seg sjølve i minst éi veke. Det gjer at kommunen og nødetatane kan prioritera dei som treng mest hjelp.
Sjå også Eigenberedskap
Sjå meir på DSB sine nettsider
DSB (Direktoratet for sikkerhet og beredskap) har også mykje nyttig informasjonsmateriell i samband med Eigenberedskapsveka med tema bortfall av nettet. I år er det også Totalforsvarsåret.
Ta også turen nedom Biblioteket der du finn vår stand med utstyr du treng for å klara deg i sju døgn.
Animasjonsfilmen vår er laga av rådgjevar digitalisering Yngvar Brekke.