Vil ha fast statleg støtte til Moster amfi

Det siste kommunestyremøtet før sommarferien var unnagjort på ein halvtime. Våre øvste folkevalde, rådspolitikarar og tillitsvalde hadde nytta heile dagen til budsjettkonferanse slik at sakslista vart raskt unnagjort. 

Skjermdump kommunetv - Klikk for stort bileteKort kommunestyremøte måndag 22. juni 2026. Skjermdump kommunetv

Diverre svikta teknologien i første del av direktesendinga, slik at det berre var eit par meldingssaker og dei politiske sakene som kom med. 

Arkivopptak kommunestyremøte 22.06.2026

Her finn du møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 22.06.2026

Ny styreleiar for kulturhuset

Tertialrapport 1. tertial 2026 og Budsjettrevisjon 1. halvår 2026 vart samrøystes vedteke i tråd med formannskapet si innstrilling utan debatt i forkant. Dette var vel dekka tidlegare på dagen under budsjettkonferansen. Kommunestyret støtta samrøystes søknaden om årleg, indeksregulert statleg driftstilskot til Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter. Senteret har eit nasjonalt ansvar for å formidla kristninga av Noreg, Kristenretten og sentrale demokratiske verdiar. Kommunen og Vestland fylkeskommune har eit stort eigaransvar. Trass i høg eigeninntening og effektiv drift, treng Moster Amfi eit meir føreseieleg økonomisk grunnlag for å ta vare på den nasjonale kulturarven.

Jalle Bråthen vart samrøystes valgt til ny styreleiar for Bømlo kulturhus etter at Sonja Hellen Sele bad om fritsk frå leiarvervet. Sele er no vanleg styremedlem. 

Byggjer nytt krisesenter

Årsmeldinga for 2025 til Krisesenter Vest IKS viser høg aktivitet og fleire komplekse saker. Statistikken syner mellom anna at 89 personar har vore i det akutte botilbodet, 288 brukarar av dagtilbodet og 813 dagsamtalar. Unni Seim (SV), som er Bømlo kommune sin representant i representantskapsmøtet i Krisesenter Vest IKS, tok ordet i meldingssaka. Ho rosa innsatsen til alle deltakarane som har jobba fram det nye felles krisesenteret i Aksdal. Byggjekontrakten er no tildelt GL Prosjektservice AS, og det nye senteret skal gi eit tryggare, meir moderne og betre tilrettelagt tilbod for valdsutsette i dei 16 eigarkommunane. 

Seim poengterte at ho var glad for at kommunalsjef for helse og omsorg i Bømlo kommune, Kjell Magnar Mellesdal, vil halde fram som styreleiar i to år til for å følgja fullføringa av byggeprosjeket.