Måndag 21. september samlast kommunestyret til sitt første møte i haust. På sakskartet står mellom anna framtida til gamle Bremnes ungdomsskule, ny regionstrategi for Sunnhordland og fleire saker innan oppvekst, helse og samfunnsutvikling.
Onsdag 23. september inviterer Bømlo ungdomsråd ungdom frå 9. klasse til 3. klasse i vidaregåande skule til Ungdom ved roret 2026. Samlinga er gratis og er i rådhuset på Bremnes.
Ønskjer du ein trygg og tilrettelagd bustad med nærleik til både tenester, aktivitetar og eit levande lokalsamfunn? Det er ledige omsorgsbustadar i den nyare delen av Bømlo omsorgstun i Langevåg.
Innbyggjarane i Bømlo må venta lenger enn vanleg på årets influensa- og covidvaksine. Årsaka er forseinka levering av vaksinar til Noreg. Samstundes flyttar massevaksineringa frå gamle BUS til Foldrøy skule.
Det er for 2026 sett av aktivitetsmidlar til lag og organisasjonar med søknadsfrist 1. oktober.
Servicekurset Demensvennlig samfunn i morgen 17.09 er avlyst, grunna for lite påmelde. Nytt kurs vert 15.10.
Torsdag 24. september inviterer fleire organisasjonar til markering av Den internasjonale eldredagen i Bømlo kulturhus. Publikum får høve til å møta andre og eit flott kulturinnslag med sjølvaste Helge Jordal samt fagleg påfyll.
Har du bruk for eit kjøken til naust, hytte, garasje eller bod? I samband med renovering av leilegheiter i sokkeletasjen på BBH gir me vekk brukte kjøken gratis mot henting. Første mann til mølla-prinsippet gjeld.
Fredag 2. oktober inviterer me pårørande, tilsette i Bømlo kommune og andre interesserte til ei felles digital visning av Pårørandekonferansen 2026 i Bømlo kulturhus. Det er gratis å delta, men du må melda deg på.
Bli med på ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord 14.-20. september!