Ny rapport om Viltet i Bømlo 2025

Bømlo kommune har oppdatert kunnskapen om naturmangfaldet i kommunen gjennom rapporten Viltet i Bømlo 2025. Her finn du oversikt over viktige viltområde og hjortetrekk, samt status og informasjon om fleire viltartar i kommunen.

Politisk møterunde denne veka

Ungdomsrådet, utvala for levekår og areal og samferdsle, kontrollutvalet og formannskapet har møter denne veka.

Ekstern gjennomgang av drifta i Bømlo kommune

Bømlo kommunestyre sitt vedtak om å gjennomføra ei ekstern og uavhengig gjennomgang av den kommunale drifta vart starta før påske. Målet er å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å utvikla tenestene vidare både organisatorisk, fagleg og økonomisk.

Treff for seniorar – bu trygt heime og leve godt

Bømlo kommune inviterer til treff for seniorar med tittelen "Nokre av dei finaste augneblinka i livet er planlagde". Her er det fokus på tryggleik, helse og livsglede.

Snart blir kommunen flyfotografert

I tida framover vil landmålarar plassere kvite firkantar på bakken rundt om i kommunen. Desse fastmerka er avgjerande for at Kartverket skal kunne ta presise flyfoto. Vi ber om at merka får stå i fred, og ta godt imot landmålarane.

Me høyre te-prosjektet held fram

Sekretariatet for konfliktråda har innvilga innvilga 260 000 kroner til å vidareføre og vidareutvikle prosjektet “Me høyre te” i 2026.

Framsnakkar alltid brannstasjonen - får møterom oppkalt etter seg

I dag onsdag frå klokka 12.00 til 15.00 inviterer ordføraren til Open dag på vår nye brannstasjon med fløytekake og kaffi til alle som kjem. - Me skal innvia det største av to nye møterom oppkalt etter ein stor forkjempar for brannstasjonen, men sidan eg no er i Syden hadde me snorklyppinga på fredag, seier ein opprømd ordførar Morten Helland.

Søk tilskot til verna kulturminne

Eig du eit verna kulturminne som treng å vølast? No kan du søkje om tilskot gjennom Vestland fylkeskommune si ordning.

Rydd vegetasjon rundt hus og bygg for betre branntryggleik

Det er både fornuftig og viktig å ha god avstand mellom hus og tett vegetasjon. Mange synest det er koseleg når ein liten, raudmalt stove ligg tett inn mot skogen, men ein skog-, lyng- eller grasbrann kan spreia seg raskt dersom tre, buskar og tørre plantedelar står heilt inn mot veggar og tak. 

Bu trygt heime – ein god samtale til påske

Påska nærmar seg, og for mange betyr det rolege dagar, ein god kaffikopp og tid til ein god drøs. Kanskje er dette eit godt høve til å snakke litt om framtida. Korleis vil du ha det når du blir eldre?