Offentleg ettersyn av detaljregulering for naust Sollia gnr. 121, bnr 3 m.fl., Sakseid, Planid: 202301

Detaljregulering for naust Sollia gnr. 121, bnr 3 m.fl., Sakseid, Planid: 202301 er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadar til planen kan sendast inn fram til 13.08.2025

Kart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet

Hovudføremålet med planen er å leggje til rette for bygging av inntil fem nye naust, der eitt skal erstatte eit eksisterande naust som er planlagt rive. Planområdet omfattar òg tilrettelegging for naudsynt trafikkareal, parkering, kai, flytebrygger og småbåtanlegg i sjø. I tillegg er det sett av areal til grøntområde, og eksisterande veg og bustad er inkludert i planområdet.

Det er utval for areal og samferdsel som har gjort vedtak om at framlegg til detaljregulering for naust Sollia gnr. 121, bnr 3 m.fl., Sakseid, Planid: 202301 skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte den 07.05.2025 i sak PS 21/25.

Frist for å komma med merknadar til planframlegget er sett til 13.08.2025.

Gje merknad/innspel til planen (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no