Koronavirus - informasjon

Velkommen til Bømlo kulturskule

Bømlo kulturskule held til i flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Med eigne øvingsrom for instrumentalopplæring, kunstrom, dansesal og blackbox-teater ligg tilhøva godt til rette for undervisninga. Kulturskulen har totalt om lag 500 elevar.

Bømlo kulturskule har ei rekkje tilbod innan musikk, dans, teater og biletkunst. Me har også tilbod i tilrettelagt undervisning i musikk og biletkunst samt kunstterapi. Det vert gitt instrumentalopplæring på følgjande instrument: Piano, tangentinstrument, ulike gitarar, strykeinstrument og blåseinstrument.

Opplæring på strykeinstrument rekrutterer til Bømlo Strykeorkester.

Opplæring på messinginstrument, treblåseinstrument og slagverk er knytta opp til skulekorpsa i kommunen.

Bømlo kommune har eit rikt og mangfaldig kulturliv, så vel som ein spennande kulturhistorie. Gjennom eit tett og godt samarbeid mellom kulturskulen og grunnskulen ønskjer me å leggje til rette for gode kulturelle opplevingar for både barn og unge.

Nyhende

Sjå fleire nyhende

Kalender

Sjå fleire kalenderhendingar
Til toppen