Friplassar

Kriteria for friplass

Det kan søkjast om friplass i Bømlo kulturskule når hushaldet* si samla skattepliktige kapital- og person-inntekt er mindre enn kr 550.000. 

Skatteoppgjeret for siste år skal leggjast ved dersom ein har mottatt skatteoppgjeret når ein søkjar. Viss ikkje skal sjølvmelding(ane) leggjast ved søknaden om friplass i Bømlo kulturskule.

(*Hushald: Einsleg, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.) Dette gjeld og for sambuarar og gifte som ikkje har felles barn. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Endringar i person- og kapitalinntekter etter at vedtaket er fatta

Dersom det blir endringar i inntekt eller nokon flyttar inn eller ut i løpet av året, må du melda frå til Bømlo kulturskule så snart endringa har skjedd.


Informasjon og søknad

  1. Ordninga med friplassar i Bømlo kulturskule er søknadsbasert.
  2. Du kan søke om friplass samtidig som du søker om plass i kulturskulen. Søknaden vil være behandla når du får tilbod om plass. 
  3. Som hovudregel er avgrensing 1 friplass pr. elev, men ein familie kan søkje om friplassar for fleire born. Friplassen inneber også utlån av gratis instrument.
  4. Er kriteria for friplass oppfylt, kan ein søkja om friplass for elev  som allereie har fått plass i Bømlo kulturskule.
  5. Det må søkjast om friplass for eitt og eitt skuleår.
  6. Får ein friplass for vårsemesteret, må det søkjast på nytt til hausten.
  7. Søknadar blir handsama fortløpande.
  8. Søknad om friplass i Bømlo kulturskule finn du her:

    Søknad om friplass

 

Har du spørsmål?

Kontakt rektor Stein Høyland

Telefon: 928 65 283

E-post: stein.hoyland@bomlo.kommune.no 

Til toppen