Visuell kunst

Med dette tilbodet får elevane opplæring i grunnleggande teknikkar gjennom praktisk arbeid. Gjennom kreative og fantasifulle prosessar vil dei kunna utvikla sitt eige biletspråk. Elevane får høve til å strekkja seg fagleg, samstundes som dei får oppleva gleda over å utforska eigne biletuttrykk.

Elevane er delte i grupper etter alder, og me arbeidar i eit stort og lyst lokale i Bømlo Kulturhus. Det vert undervist i varierte visuelle uttrykk; mellom anna teikning, maling, tekstil, grafikktrykk, skulptur, audiovisuelle uttrykk og animasjon, samt fargeteori, komposisjon og oppbygging av bilete. I fint vèr jobbar me ofte utandørs. Det vert arrangert besøk på verkstader og kunstutstillingar, og elevarbeid vert presentert på to årlege fellesutstillingar.

Elevene kan starta undervisning frå første klasse og oppover.

Fordjuping vert avtalt mellom lærar og elev.

Dersom elev har fordjupingsplass utgjer dette ein ekstra kontingent, men med 30% eller 40% rabatt avhengig av andre elevplassar i familien.

Kulturskulen tilbyr òg undervisning til elevar med utviklingshemming, der undervisinga vert tilpassa kvar einskild elev sine behov og ønskjer, med fokus på å uttrykka seg kreativt og å oppleva skaparglede.

På venteliste:
11

Lærarar

Til toppen