Retten til eit trygt og godt skulemiljø (Oppl. § 9A)

Opplæringslova §9A er elevane si "arbeidsmiljølov" og slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

 

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

 

Mobbeombodet i Vestland 

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra at elevane eit trygt og godt skulemiljø:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Du kan òg nytta Skulemiljøknappen for å melda frå.

Skulemiljøknappen

Dersom skulen ikkje følgjer opp aktivitetsplikta innan ei viss tid, kan saka meldast til Statsforvaltaren i Vestland.

BTI er knytt til arbeid for godt skulemiljø

Til toppen