I mai 2022 blei det oppdaga eit utbrot av apekoppar i Europa. Apekoppar er frå tidlegare kjent for å smitte frå dyr til menneske i deler av Afrika. Apekoppar er orsaka av eit virus som er i slekt med koppar (som er utrydda hos menneske), og smittar ved tett kontakt med utslett, kroppsvæsker og dråper.
Det har vore få tilfelle i Noreg, og hovudsakleg hos menn. Ved eit påvist tilfelle vil nærkontaktar bli kontakta av helsevesenet. Spesialisthelsetenesta har ansvar for smittesporing og vaksinasjon av nærkontaktar.
Les meir om apekoppar
Vaksinasjon mot apekoppar (Mpox)
Vaksine mot koppar gir eit visst vern. Tilbod om førebyggande vaksine gjelder menn som har sex med menn og transpersonar med sjølvrapportert risikoåtferd. Risikoåtferd er t.d. hyppig bytte av partner, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex.
Vaksinasjon mot apekopper blir ikkje utført i Bømlo kommune.
Dei som er i målgruppa og ønskjer vaksine kan ta kontakt med:
Haugesund revmatismesykehus (vaksinering mot Mpox) - Tinging av time på 52 80 50 00
eller
Bergen kommune (oppfølging av Mpox) - Tinging av time på 55 56 58 80