Tuberkuloseundersøking før oppstart i arbeid

Tilsette, vikarar, hospitantar og studentar i helse- og omsorgstenesta,  i stillingar i grunnskolen eller barnehage eller i andre stillingar knytt til barneomsorg (inkludert au pair) må fylle ut eigenerklæring om tuberkulose før oppstart i arbeid.

Les meir i "Forskrift om Tuberkulosekontroll".

Tuberkuloseundersøking

Personar som i løpet av dei siste 3 åra har opphalde seg meir enn tre månader i land med høg førekomst av tuberkulose, sjå FHI sine nettsider; https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/tuberkulose/land-med-hoy-forekomst-av-tuberkulo/  eller som kan ha vore utsett for smitte privat eller i arbeid, og som skal byrja eller starta oppatt i stillingar i helse- og omsorgstenesta, i førskule- og lærar-stillingar eller andre stillingar knytt til barneomsorg (t.d. au pair), pliktar å møta til tuberkuloseundersøking før oppstart i stillinga. Plikta gjeld også personar under opplæring eller hospitering.

Dersom du allereie har gjennomført tuberkuloseundersøking etter heimkome, er ny kontroll unødvendig forutsett at undersøkinga ikkje viser teikn til sjukdom.

Pliktig tuberkuloseundersøking gjeld også dei som har typiske symptom på tuberkulose, eller personar der det er medisinsk mistanke om er, eller har vore i risiko for å bli, smitta med tuberkulose.

Tuberkuloseundersøkinga består av blodprøve (IGRA) og lungerøntgen. Når lungerøntgen er tatt og viser normale forhold, kan arbeidstakar byrja i jobb.

 

Gjennomføring

https://lovdata.no/forskrift/2009-02-13-205/§3-2
Personer som nemd i § 3-1 bokstav b) skal undersøkast for smittsom tuberkuløs sjukdom, og må ikkje ha symptom eller teikn på smittsom tuberkuløs sjukdom før tiltreding eller oppstart.

Arbeidsgjevar, lærestad, vertsfamilie eller liknande har plikt til å påsjå at resultat av undersøkinga ligg føre med negativt resultat før tiltreding eller oppstart.

 

Eigenerklæring

Eigenerklæring skal fyllast ut og skal vera arbeidsgjevar i hende før arbeidstakar startar i arbeidet.
Skjema tuberkuloseundersøking før oppstart i arbeid (DOCX, 54 kB)

 

BCG vaksine

Folkehelseinstituttet sin anbefaling om BCG-vaksine i yrkessamanheng vil vanlegvis berre omfatta helsepersonell i spesialisthelsetenesta som over tid (om lag 3 mnd.) skal arbeida med:

  • Vaksne pasientar med smittsam lungetuberkulose
  • Dyrking av mykobakterier i mikrobiologisk laboratorium

 

Flytskjema for tuberkuloseundersøkelse før arbeid med pasienter og barn

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/tuberkulose/flytskjema-for-tuberkulose-for-arbeid-med-pasienter-og-barn/

 

Kontakt

Leiande helsesjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr for spørsmål og rekvisisjonar til undersøking.
Kontaktinformasjon; lhr@bomlo.kommune.no   Tlf 53 42 33 35 / 414 32 210

Til toppen