Kven kan få tilbod om korttidsopphald?
Du kan søkja om korttidsopphald dersom du har behov for heildøgns pleie og omsorg i ein periode. Har du behov for gjentatte korttidsopphald over tid, kan du søkja om rullerande opphald i sjukeheim.
Målet med korttidsopphald er betring av helsetilstand og funksjonsnivå slik at du kan ha eit aktivt liv og meistra kvardagen din best mogleg. Du kan få tilbud om:
Slik søkjer du
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer om korttidsopphald
Søknadsskjema for korttidsopphald finn du her (PDF, 406 kB)
Digitalt søknadsskjema
Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.
Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.
Kva kostar det?
Det er eigenandel på korttidsopphald i institusjon.
Velg Pleie- og omsorgstenester i venstremenyen når du kjem inn her:
Oversikt over prisar og gebyr i Bømlo kommune
Meir informasjon
Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det.
Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skrive klagen? Ring oss gjerne på telefon 53 42 34 70
Aktuelle lover og forskrifter
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester