Korttidsopphald

Eit korttidsopphald på sjukeheim er tidsavgrensa og kan vare frå ein dag til fleire veker.

Tilbodet kan vera rullerande, det vil seie at du vekslar mellom å bu heime og på sjukeheim.

Kven kan få tilbod om korttidsopphald?

Du kan søkja om korttidsopphald dersom du har behov for heildøgns pleie og omsorg i ein periode. Har du behov for gjentatte korttidsopphald over tid, kan du søkja om rullerande opphald i sjukeheim.

Målet med korttidsopphald er betring av helsetilstand og funksjonsnivå slik at du kan ha eit aktivt liv og meistra kvardagen din best mogleg. Du kan få tilbud om:

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer om korttidsopphald

Søknadsskjema for korttidsopphald finn du her (PDF, 406 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Det er eigenandel på korttidsopphald i institusjon.

Meir informasjon

Aktuelle lover og forskrifter 

Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen