Kva er ein fritidskontakt:
Fritidskontakten skal vera med å leggja til rette for at brukaren :
- Kan delta i ulike fritidsaktivitetar/ tilbod
- Får utvida det sosiale nettverket sitt
- Får støtte til å oppleva meistring
Kven kan søkja:
Du som har behov for fritidskontakt på grunn av funksjonsnedsetting eller sosiale vanskar
For å få ein fritidskontakt må du ha eit behov som er av ein slik art at den det gjeld har rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen.
Ein må vera busett i Bømlo kommune.
Kva kostar det?
Det er gratis å motta fritidskontakt men den som mottek fritidskontakt må sjølve dekke sine utgifter til den aktuelle aktiviteten.
Dersom du er avhengig av eit følgje kan du ha rett på følgjeprov, då kan fritidskontakten din kan få gratis inngang til enkelte aktivitetar.
Ein kan søkja om følgjeprov her
Slik søkjer du
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer
Søknadsskjema for fritidskontakt - registrering
Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.
Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Meir informasjon
Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring 53 42 34 70
Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det.
Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skrive klagen? Ring oss gjerne på telefon 53 42 34 70
Er du fritidskontakt/støttekontakt?
Her finn du informasjon som gjeld deg som er støttekontakt
Vil du bli fritidskontakt/støttekontakt?
Har du lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfull fritid? Det er ingen krav til fagleg utdanning, men ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Oppdraget kan variere frå 3 til 5 timar i veka. Det er ynskjeleg at ein kan binda seg til oppdraget for ein lengre periode, helst eit år. Alle må levere politiattest. Det er ikkje eit eige skjema for å søkje. Du sender ein e-post til oss med litt informasjon og så tek vi kontakt med deg.
E-posten kan sendast til: reidun.sortland@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 34 70