Nyheitsbrev april 2023

Rådgivar for folkehelse og frivilligheit sender kvar månad ut eit nyheitsbrev til alle lag og organisasjonar som har registrert kontaktperson i Bømlo. Ynskjer ditt lag og organisasjon å motta nyheitsbrev, kan de sende kontaktinformasjon til postmottak@bomlo.kommune.no merka med påmelding til nyheitsbrev lag og organisasjonar.

Kjære alle lag og organisasjonar i Bømlo,

Fyrst av alt tusen takk til alle som deltok på dialogmøtet tysdag 18.april! At så mange som 54 personar frå 35 ulike lag og organisasjonar prioriterte å møte oss i kommunen er veldig verdfullt for oss! Vedlagt er oppsummering av dialogmøtet (PDF, 186 kB). Innspel og tilbakemeldingar er svært viktige bidrag i arbeidet med kommunedelplan. I tillegg vil me forsøka å svara ut ein del av innspela i løpet av kort tid. Ettersom fleire av dykk løfta fram at det er viktig med tid til å skrive søknadar, sender eg ut nyheitsbrevet no, og så får de heller ein eigen e-post om korleis me følgjer opp innspela på kort og lang sikt.

Tusen takk også til alle 43 som har svart på spørjeundersøkinga om erfaringar og behov i lag og organisasjonar så langt. Tema er aktivitetar i laget/organisasjonen, rekruttering, drift og bruk av lokalar og anlegg, finansiering og støtteordningar, nettverk, kurs og kompetanseheving. Undersøkinga tek 10-15 minutt og svara på, og de er med i trekninga av tre tildelingar av 5000,- i driftsmidlar til laget. De svarar ved å trykke på denne lenka: https://forms.office.com/e/L9n8YZnsuG Frist for å svara er 10. mai.

  • 28. mars hadde kommunen dialogmøte med grendautvala. Oppsummering av dialogmøtet er vedlagt (PDF, 319 kB) . Her var prosjekt og aktuelle tema for dei ulike grendene tema, saman med ein dialog om kva som er viktig for at prosjekt initiert og i samarbeidd med grendene går frå idé til resultat. Bruk gjerne grendautvala i dykkar grend aktivt.
  • Folk på Bømlo går av stabelen 10. juni. Dei melder om at det er mange som har meldt seg på. Påmeldingsfristen er eigentleg gått ut, men om de melder dykk på innan måndag 24.4, har eg fått melding om at det skal gå bra. Påmeldingsskjema finn de her: https://www.facebook.com/groups/206741806742414
  • Aktuelle høyringar frå Bømlo kommune: https://www.bomlo.kommune.no/aktuelt/offentlege-hoyringar-aktuelle-saker/
    • Detaljregulering for høgdebasseng Erevik (frist 31.5)
    • Detaljreguleringsplan for fritids- og turistføremål Saltkjelen gnr. 84/96 m.fl. Mækjebakken (frist 31.5)
    • Detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Sandholmen 86/98 m.fl. Innvær (frist 31.5)
    • Detaljreguleringsplan for Stokknespøyla Alvsvåg, gnr/bnr/ 110/226 (frist 31.5)
    • Detaljreguleringsplan for naust- og næringsområde gnr. 54, bnr. 44 m.fl. Langevåg (frist 31.5)
  • 1. mai er det søknadsfrist for sponsormidlar frå Bremnes seahore – gå inn på https://www.seashore.no/sponsor/ for å søkja.
  • Bømlo kommune abonnerer på Tilskuddsportalen. Eg legg inn aktuelle tilskotsordningar her. I tillegg oppmodar eg alle lag og organisasjonar til å laga eigen brukar i tilskuddsportalen, slik at de kan gjera målretta søk i tråd med dykkar formål. Gå inn på www.tilskuddsportelen.no for å laga brukar. Aktuelle søknadsfristar frå TIlskuddsportalen:

Vårlege helsingar frå Lene Borgen Waage

Til toppen