Inneklima
Me er mykje inne og det er derfor viktig at inneklimaet er godt i alle typer bygg me oppheldt oss i. Det er særleg viktig å fokusera på og forbetre inneklimatilhøva i barns miljø, til dømes i barnehagar og skular.
Viktige faktorar som avgjer kvaliteten på innelufta er mellom anna kjemikaliar, støv, innandørs aktivitetar, temperatur, fuktigheit, reinhald og ventilasjon.
Kommunen kan føre tilsyn med helsemessige tilhøve ved utleigebustadar.
Folkehelseinstituttet sine sider om inneklima
Fukt
Fuktskader og muggsoppvekst i innemiljøet kan gi helseplagar som luftvegsinfeksjonar, allergiske reaksjonar og utløysing av astma. Folkehelseinstituttet tilrår at synleg mugg og mugglukt ikkje skal skje. Det same gjeld for fukt- og råteskadar.
Fuktskadar kan skuldast bygningstekniske årsakar som lekkasjar og kondensproblem, og det kan vera bruksmessige årsakar som skapar høg luftfuktigheit i innemiljøet.Tørking av tøy innandørs, hyppig og langvarig dusjing og ein del matlaging tilfører innemiljøet fukt. Du kan redusera og førebyggja høg fuktigheit i innemiljøet ved å sørge for god ventilasjon, utlufting med glas og tilstrekkeleg tilførsel av varme.
Ved fuktskadar og muggsoppvekst tilrår me at ein raskt finn og utbetrar skaden, framfor å investera i dyre inneklimamålingar.
Folkehelseinstituttet sine sider om fukt og mugg