Nyttige lenkjer og naudnummerI desember 2022 vart Bømlabrua stengt i over ni timar etter ein trailertilhengar velta over ein møtande personbil grunna sterke vindkast. Publikum forventar god informasjon uavhengig av kven som har ansvaret, og Bømlo kommune jobbar med å bli betre på dette feltet. Under finn du nyttige lenkjer det kan vere lurt å ha lett tilgjengeleg. I desember 2022 vart Bømlabrua stengt i over ni timar etter ein trailertilhengar velta over ein møtande personbil grunna sterke vindkast. Publikum forventar god informasjon uavhengig av kven som har ansvaret, og Bømlo kommune jobbar med å bli betre på dette feltet. Under finn du nyttige lenkjer det kan vere lurt å ha lett tilgjengeleg. - Publikum ser ofte til kommunen for informasjon sjølv om den fell utanfor kommunen sitt ansvarsområde. Det er forståeleg. Vårt mål er å hjelpa til med å gjere naudsynt informasjon lettare tilgjengeleg for publikum. Dette gjeld bruk av våre eigne kanalar på heimesidene og i sosiale media samt å lenkje til aktuelle ansvarlege aktørar, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Stenging av Bømlafjordtunnellen eller ei av bruene i sambandet er kjente risikofaktorar. Både Bømlo og nabokommunar, Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen og redningsetatane har hatt fleire møter saman om risikoen for stengte inn- og utfartsårer, særleg mot Bømlo kommune. Kommunedirektøren har denne saka høgt oppe på si prioriteringsliste. Du kan førebu deg ved å halda deg orientert og vite kvar du finn informasjon. Det er fleire appar og sms-tenester du kan abonnere på for å få direktevarslingar. Lenkjer og naudnummer Statens Vegvesen: Veg- og trafikkinformasjon - ring 175 Veg- og trafikkinformasjon frå Statens vegvesen SMS-varsling for bruer, tunneler, fjellovergangar og vêrutsatte vegar Vegtrafikksentralen vest på Twitter Last ned Vegvesentrafikk app SMS abonnement for Bømlabrua og Stordabrua Sør-Vest politidistrikt: Heimesider Sør-Vest politidistrikt Sør-Vest politidistrikt på Twitter Sør-Vest politidistrikt på Facebook Fjord1: Fjord1 Trafikkmeldingar Generell ruteinformasjon Fjord1 - ring 177 Vestland fylkeskommune: Ansvar for alle fylkesvegane, fylkesinterne bussruter, båtruter, ferjene og bruene på fylkesvegnettet. Fylkesvegar i Vestland Kollektivtransport i Vestland fylke Bømlo kommune: Om vegar, kaiar og bruer i Bømlo kommune Om beredskap i Bømlo kommune Om din eigenberedskap Naudtelefonar: Brann: 110 Politi: 112 Politi der du bur (ikkje naud): 02800 Medisinsk naudtelefon - 113 Naud-SMS for døve, høyrsle- og talehemma - registrering Legevakt: 116117 Bømlo brann og redning vakttelefon: 958 48 007 Publikumstelefonar ved krise: Telefonnummer vert oppgitt ved kvart einskild høve. Evt. pårørandetelefonar ved krise: Telefonnummer vert oppgitt ved kvart einskild høve. Vervarsling: Yr.no Yr farevarsler Storm.no Varsom.no Varsom.no på Twitter Meteorologisk institutt - farevarsling Meteorologene på Twitter TIPS: Still inn bilradioen din til å bryte inn med trafikkmeldingar i sendingar eller når du høyrer på musikk. Sist endra 01.09.2023 12:38