Aktuelt og kunngjeringar

Tenk om all straumen forsvinn i ei veke

Kor godt førebudd er du om all straum fell bort i ei veke der både telefoni- og internettlinjer er heilt nede? Fullstendig straumutfall var utfordringa då Bømlo kommune saman med Finnås kraftlag og BVA gjennomførte eit arbeidsmøte om beredskap nyleg.

Ver obs på brustengingar

Det er vedlikehaldsarbeid på både Stordabrua og Bømlabrua framover som fører til periodevise stengingar. Hald deg oppdatert så slepp du unødig og frustrerande ventetid.

Ekstrainnsats for like høve i 2024

Inkludering er føremålet i år der Bømlo idrettsråd fordelar 132 335 kroner til barneidretten i Bømlo kommune.

Fullfinansiering for Moster 2024

- Dette er i fantastisk gladnyhende for riksjubileet Moster 2024 og Bømlo kommune. Det er verdt å takka alle som har jobba for å få dette til, strålar ordførar Sammy Olsen. Moster 2024 AS sin søknad om sluttfinansiering av 1000-års jubileet for innføringa av Kristenretten på Moster i 1024, med 7 millionar kroner fordelt over 2022-24, er innvilga.

Tenk brannførebygging

- Røykforgiftning er den største årsaka til dødsfall i brannar. Difor er det lurt å ha tenkt gjennom kva ein skal gjere og korleis ein skal kome seg ut om det byrjar å brenne, fortel leiar for brannførebygging Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.

Kysthytteplan ute på høyring

Framlegg til områderegulering for Kysthytte på Sakseid er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 21. mai 2024.

Du bur i ein Av-og-til-kommune

I 2017 inngjekk Bømlo kommune ein samarbeidsavtale med alkovettorganisasjonen Av-og-til. Av-og-til tilbyr ein førebyggingsmetode som me i kommunen tilpassar etter våre behov, ønskjer og idéar. 

- God plass å vera

- Det er alltid ein god dag når eg får kome hit. Ein nøgd og fast brukar av aktivitetstilbodet Nyving koste seg med kaffi og kaker saman med ordførar Sammy Olsen og mange andre på den offisielle nyopninga fredag føremiddag.

Har du ei verksemd som tilbyr solarium?

Bømlo kommune, i samarbeid med Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA), vil gjennomføre ei tilsynskampanje retta mot solarium i mars 2022.

Førebygging av legionellasmitte i heimen

Faren for å bli smitta av legionellabakterier er liten. Du kan sjølv gjera enkle tiltak for å redusera faren ytterlegare.

Til toppen