Illustrasjonsbilde folkehelseundersøkinga 2026.
Vestland fylkeskommune
Målet er meir kunnskap om helse og livskvalitet blantvaksnei Vestland. Undersøkinga blir gjennomført av Vestland fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) og kommunane i fylket.
- No håpar vi så mange som mogleg tek seg tid til å svare. Fylkeskommunen og kommunane treng å høyre korleis innbyggjarane i Vestland har det for å gjere fylket til ein endå betre stad å bu og leve, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.
Les også Folkehelseundersøkinga 2026 – di stemme er viktig for Bømlo
Dei som skal svare får invitasjon
Illustrasjonsbilde
Vestland fylkeskommune
Årets folkehelseundersøking blir i år for første gong gjennomført på Helsenorge. Det betyr at dei 222 054 innbyggjarane som er trekte ut til å delta, får invitasjon frå FHI på den måten dei har valt å få varsel på i Helsenorge, til dømes SMS, e-post eller begge. Det betyr også at det ikkje er noko lenke til undersøkinga i invitasjonen. For å svare på undersøkinga, må dei inviterte logge seg inn i Helsenorge med BanklD.
- Dersom nokon opplever å få invitasjon med lenke, kan dette vere svindel. Generelt er det ein god regel å aldri trykke på lenker du får tilsendt på SMS eller e-post, gå heller inn på dei offisielle nettsidene. I dette tilfellet vil det vere Helsenorge, opplyser Mie Dahl Pind, som er prosjektleiar for folkehelseundersøkinga i Vestland fylkeskommune.
Det tek om lag 20-25 minutt å svare, og det er enkelt og trygt å delta. Svara blir behandla i tråd med gjeldande personvernreglar, slik at ingen kan kjennast att i resultata som blir publiserte.
Spørsmål om klimaendringar og beredskap
I undersøkinga er det spørsmål om helse og nærmiljø og livskvalitet, og andre forhold som er viktige for folkehelsa i fylket. Resultata vil bli brukte i folkehelsearbeidet i kommunane og i fylkeskommunen.
Folkehelseundersøkinga skal også kartlegge i kva grad vestlendingane synest det er viktig med eigenberedskap, og om dei trur klimaendringar kjem til å påverke framtida negativt. Folkehelseundersøkinga i 2022 viste at 12 prosent av dei som svarte i Vestland, rapporterte låg grad av framtidsoptimisme.
19,2 prosent hadde økonomiske vanskar i 2022
Illustrasjonsbilde
Vestland fylkeskommune
Det er altså fire år sidan førre folkehelseundersøking i fylket. Då svarte 19,2 prosent at dei hadde økonomiske vanskar og syntest det var vanskeleg å få hushaldsinntekta til å strekke til i det daglege. Telemark gjennomførte tilsvarande folkehelseundersøking i fjor haust og fann stor auke her.
- Vi er spente på korleis Vestland ligg an. Med den auken vi har sett i mat- og energiprisar den siste tida, ventar vi ein auke også her i fylket. Svara i undersøkinga vil gje oss viktig kunnskap. Det er også viktig å få innsikt i moglege skilnadar mellom dei ulike delane av fylket, slik at vi kan jobbe for trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Resultata frå undersøkinga vil gi eit viktig grunnlag for vidare folkehelsearbeid, både lokalt og regionalt.
Kontaktpersonar:
Jon Askeland, fylkesordførar - mobil 474 59 720
Mie Dahl Pind, prosjektleiar for folkehelseundersøkinga 2026 - mobil 451 18 231 | e-post: Mie.Dahl.Pind@vlfk.no
IKT-hjelp i Rådhuset
IKT-avdelinga i Bømlo kommune tilbyr hjelp for dei som treng det for å svara på undersøkinga.
- Folk må ha registrert BankID på førehand, og enten ha BankID-appen på mobil eller kodebrikke. Det kan vere mange som ikkje har fått hjelp til dette tidlegare, eller som har hatt BankID før, men den appen er borte og må lastast ned på nytt. Me kan i enkelte tilfelle hjelpe dei som ikkje får det til, dersom dei tek med gyldig legitimasjon (pass eller nasjonalt ID-kort), eventuelt ID for nedlasting av mobilappen. Då kan me forsøkje å hjelpe dei òg, opplyser IKT-avdelinga..
Ver merksam på at aktivering av BankID har ein sikkerheitsperiode på 60 minutt. I slike tilfelle må dei kome tilbake neste gong.
Les meir: Hjelp BankID-app.
Stad: Rådhuset - tidlegare teknisk kundetorg
Fredag 17. april kl. 10.00–11.30
Onsdag 22. april kl. 10.00–11.30
Folkehelseundersøkinga 2026
Deltakarreise (PDF, 2 MB)
Manual for å logga inn på Helsenorge.no (PDF, 2 MB)