Folkehelseprofil 2026 for Bømlo kommune har tema ungdom og rusmidlar.Dette var hovudbodskapen frå kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen då ho presenterte folkehelseprofilen for kommunestyret måndag 8. juni. Folkehelseprofilen er eit utvalg av faktorar Helsedirektoratet legg fram som kommunen kan bruke som del av sitt arbeid med folkehelse. Den gjer berre eit avgrensa innblikk i styrker og utfordringar.
Folkehelseprofilen for Bømlo 2026 viser at kommunen har mange sterke sider, men også utfordringar.
- Skal me sikra god helse og berekraftig samfunn framover, må me styrka det førebyggjande arbeidet. Dette gjeld særleg for barn og unge og for eldre. Samtidig viser folkehelseprofilen og rapporten at folkehelsearbeid handlar om meir enn behandling. Dette handlar om å utvikle eit samfunn som fremjar god helse gjennom heile livet, understreka kommuneoverlegen.
Folkehelseprofilen for Bømlo 2026 (PDF, 2 MB)
Presenterte PwC-rapporten
Geir Årset og Åsne Amland frå konsulentselskapet PwC presenterte sluttrapporten for kommunestyret etter ein ekstern gjennomgang av heile den kommunale drifta. Arbeidet er gjort i tett samarbeid med administrasjonen og ei politisk styringsgruppe for å sikre eit mest mogleg realistisk faktagrunnlag. PwC understrekar at rapporten er ei uavhengig fagleg vurdering.
– Dette er ikkje eit vedtak eller ei bestilling av kutt, men eit kunnskapsgrunnlag for vidare politiske prioriteringar, seier Årset.
Rapporten peikar på eit samla innsparingspotensial på litt over 100 millionar kroner. Dette er eit stort handlingsrom, men fleire tiltak er krevjande og usikre. Erfaringar viser at ein ikkje kjem i mål med mindre effektiviseringar åleine. Dette vil krevje strukturelle grep i tenester, organisering og bemanning, understrekar konsulentrapporten.
Sjå kommunestyremøte i opptak
Krev tillit og godt samarbeid
Årset og Amland tok for seg alle dei konkrete tiltaka i rapporten for kvar hovudseksjon sentraladministrasjon, helse, oppvekst og samfunnsutvikling. Dei peikar på at for å lukkast må kommunen gå frå analyse til gjennomføring, med tydelege politiske prioriteringar og ein konkret plan for oppfølging. Det krev tillit og godt samarbeid mellom politisk og administrativ leiing, ei tydeleg retning over tid og systematisk arbeid for å ta ut gevinstane.
- Når ein står samla om vala og følgjer opp konsekvent, aukar sjansen for å omsetje potensialet til reelle og varige innsparingseffektar, påpeika konsulentane frå PwC.
Måndag 22. juni i forkant av kommunestyremøtet vert det arrangert ein open budsjettkonferanse der PwC presenterer hovudfunn, Statsforvaltaren orienterer om kommunen si økonomiske situasjon (ROBEK), og kommunedirektøren legg fram ei skisse til budsjett 2027.
Barnevernet forblir interkommunalt
Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 08.06.2026
Kommunestyret vedtok samrøystes godkjenning av årserekneskapen for 2025 som synte eit negativt netto driftsresultat på 9 011 103 kroner. Etter at SV sitt framlegg om å ta tilbake barnevernet i kommunal regi fell mot Sv si eiga røyst, gjekk kommunestyret samrøystes inn for å halde fram i Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB) saman med Stord og Fitjar kommunar. Kommunestyret ber om at det vert gjort ei evaluering innan to år av om måla for vedtekne tiltak er nådd.
Vidare vart det utan debatt samrøystes vedteke prinsippvedtak om utbyggingsavtalar (forutsigbarheitsvedtak), Planprogram strategi for næringspolitikk 2026-2030 og vedtak av detaljregulering for konsentrert bustad på del av 58/1 på Langevåg. Noko ordskifte vart det kring Rusmiddelpolitisk handlingsplan, men den vart samrøystes vedteke som ein konkret og god handlingsplan for dette arbeidsfeltet. Forslag om endring i Forskrift om vass- og avløpsavgifter i Bømlo kommune vart etter ein del debatt om innhald samrøystes vedteke lagt ut på offentleg høyring.