Skiftar ut tryggleiksalarmar og røyksensorar

Bømlo kommune har i februar gått over til ny leverandør av tryggleiksalarm. Alle brukarane får med ein røykvarslar som varslar automatisk til alarmsentral ved røykutvikling. 

- Bømlo kommune har i februar skifta ut tryggleiksalarmane frå Atea og gått over til ny leverandør - Careium Norge AS. Careium er kjent for kommunen, og me har eit godt samarbeid med dei, opplyser rådgjevar helse, velferdsteknologi Stine Olson Lodden.
 

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarmane fungerar slik som før, og går til same alarmsentral som før. Ved behov for hjelp trykkjer brukar på alarmknappen og det vil gå eit varsel til alarmsentralen. Alarmsentralen sitt helsepersonale ringer opp brukar og dei kan ha tovegskommunikasjon. Ut frå alvorsgrad vert Bømlo heimetenester kontakta for samhandling, eventuelt AMK ved akutte behov. Test gjerne tryggleiksalarmen når du har vært vekke nokre dagar, t.d. ved sjukehusopphald eller kortidsopphald. Trykk på knappen, og fortel alarmsentralen at "dette er ein test", oppmodar Lodden.

Røyksensor

- I Bømlo Kommune har me hatt eit brannførebyggjande tiltak sidan 2019, der alle brukarar som har tryggleiksalarm får med ein røykvarslar som varslar automatisk til alarmsentral ved røykutvikling. Dette tiltaket ser me har hatt stor effekt, og det har hindra branntillaup ved fleire anledningar, seier Olson Lodden.

Nytt frå ny leverandør er at denne ikkje skal eller kan skiftast batteri på. Batterilevetida er 10 år. Når det nærmar seg 10 år, eller den er i ustand, får tilsette varsel om dette, og skiftar den ut. Det gir tryggheit for brukar og tryggheit for oss.

Flytting eller opphøyr av teneste 

- Dei fleste brukarar som flyttar melder og inn til oss som kommune om dette. Me bidreg med å flytte tryggleiksalarm og tilhøyrande utstyr ved flytting. Likevel opplever me at nokon flyttar frå ein bustad til ein annan utan å melde frå til oss, og me treng då hjelp til å følgje dette opp.

Olson Lodden oppmodar difor brukarar om å ta kontakt med rådgjevar velferdsteknologi om du har ein nøkkelboks på husveggen din som ikkje lenger i bruk.

Ta kontakt med heimetenestene eller Tenestekontoret om du flytter frå ein bustad til ein anna slik at me kan hjelpa å flytta tryggleiksalarmen og sikra at den fungerar optimalt på ny adresse.