Større boltreplass på Meling skule

Skuleåret 2021-2022 vil Meling skule ta imot elevar og tilsette i ein oppgradert og ny bygning med mellom anna  to nye klasserom, grupperom, nytt kontor for skulehelsetenesta og nytt areal for skulefritidsordninga. Lærarane får moderne arbeidsplassar og i tillegg vert det nye leikeapparat på uterområdet. Total kostnadsramme er på 28,4 millionar kroner.

I byrjinga av februar var det kransalag for det 650 rutemeter store nybygget som skal husa to nye klasserom, nye areal for skulefritidsordninga og skulehelsetenesta. På same måte som det nye lærarhuset ved Svortland skule er dette også eit passivhus, Bømlo kommune sitt andre passivhus. Det betyr at bygninga vert svært energivennleg og nyttar lite energi. 

Godt samarbeid

- Me forventar at nybygget står ferdig i månadsskiftet mai-juni. I løpet av våren startar arbeidet med ombygging av den eksisterande administrasjonsdelen, og målet er at alt skal stå klart til skulestart neste skuleår. Så langt har alt gått etter tidsplanen, unnateke at snømengdene har skufla litt om på rekkjefølgja då feriglegging av taket vart noko utsett, opplyser prosjektleiar John Nordseth Nesse i Bømlo kommune.

- No gler me oss til å få mykje betre plass både for elevar og dei tilsette. Me synes også arbeidet har gått veldig bra utan uhell av noko slag, og elevane har også funne denne byggjeperioden spanande, seier rektor Katrine Hausberg. 

Prosjektleiar Jan-Reidar Vinjerui Berge hjå entreprenør Dommersnes og Larsen var også strålande nøgd med samarbeidet med kommunen. Dei har totalentreprisen medan Helle Elecon er totalleverandør av tekniske anlegg, elektro, ventilasjon og røyr. Arkitekt er Beata M. Brzoza i Holon, som også teikna det nye biblioteket i Bømlo kulturhus.

Med på kransalaget torsdag 4. februar var også kommunalsjef for oppvekst, idrett og kultur Bjørn Håvard Bjørklund og kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.

Til toppen