Budsjettprosessen i Bømlo kommune

Budsjettprosesser kan vere innvikla og vanskeleg å forstå. Her har me laga ein enkel oversikt over alle stega me skal igjennom før budsjettet for 2024 blir vedteke. Budsjett- og økonomiplan er namnet på vår fireårige handlings- og økonomiplan som også inneheld budsjettet for komande år.

Sjå Budsjett, velferdsplan og årsmeldingar

8. desember 2025 - Kommunestyrevedtak

Kommunestyret sitt budsjettvedtak 2026, vedteke 8. desember 2025

«Kommunestyret ber om at det vert gjort ein ekstern revisjon av drifta vår. Den bør vera i tre trinn:
1. Overordna kartlegging og identifisering av områder for meir undersøking
2. Sjå meir på utvalgte områder etter fase 1 (sjå også liste nedanfor)
3. Saman med arbeid med tiltakspakke gjera prioritering og leggja plan for iverksetjing av tiltak.
Kommunestyret ser at det kan vera spesielt interessant å sjå på desse områda (lista er ikkje uttømmande):
• Habiliteringstenester –organisering og nattevaktressursar
• Nivå på og organisering av førebuande tenester for barn og unge
• Tenestenivå innan helse og omsorg
• Organisering av heimebaserte tenester
• Legetenesta
• Moglegheit for administrativ samdrift mellom skular»

Januar - februar 2026

Anbodsprosess i kommunen. PWC blir tildelt oppdrag.  

PWC gjennomfører revisjonen, hentar inn informasjon og har intervju med kommunen.  

Føremålet er å identifisera innsparingstiltak som skal komplementere andre tiltak kommunen allereie jobbar med. Gjennomfører analysar, intervju og samanlikningar innanfor mandatet frå kommunestyret.

 

16. april - PwC orienterer formannskapet

Informasjon om prosess og tidslinje for vidare arbeid.  

Orientering til formannskapet 16. april

29. april - Levering av rapport

PwC leverer rapport til Bømlo kommune.

Administrasjonen går gjennom rapporten og gir sine tilbakemeldingar til PwC.

30. april - frist for gjennomgang førsteutkast av rapporten

PWC sender utkast til rapport til den administrative prosjektgruppa for retting av feil og eventuelle misforståingar.  

Administrasjonen går gjennom rapporten og gir sine tilbakemeldingar på evt faktafeil og misforståingar til PwC. Frist 30. april.

6. mai - Offentleggjering av rapporten

Rapporten blir offentleggjort.

Sak publiserast på kommunen si heimeside.

8. juni - PWC orienterer kommunestyret

PWC orienterer kommunestyret om rapport og framlegg til tiltak – i det ordinære kommunestyremøte. 

Opptakt til budsjettkonferansen.  

22. juni - Budsjettkonferanse

Open budsjettkonferanse for kommunestyret og politiske råd:

  • PwC presenterer hovudfunn og overordna analyse
  • Statsforvaltaren orienterer om kommunen si økonomiske situasjon som ROBEK-registrert
  • Kommunedirektøren presenterer skisse til budsjett 2027

Konferansen er ein arena for orientering og drøfting, ikkje for vedtak.

26. oktober - Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2027

Kommunedirektøren presenterer budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 for kommunestyret

 

14. desember - Budsjettmøte i kommunestyret

Kommunestyret handsamar og gjer vedtak for budsjettet 2027 og økonomiplan 2027-2030

Litt meir om budsjettarbeidet

Forslaget til budsjett og økonomiplan for 2026-2029 (styringsdokument for Bømlo kommune) er resultatet av ein årleg prosess. Kommuneplanen, den vedtekne budsjett- og økonomiplanen for perioden, årsrekneskapen og årsrapporten gir føringar for prosessen. I tillegg får revidert statsbudsjett i mai, og statsbudsjettet i oktober, konsekvensar for kva som blir dei endelege rammene kommunen må forhalde seg til.

Kommunedirektøren utarbeider eit framlegg

I Bømlo kommune er det kommunedirektøren som utarbeidar eit framlegg som dei folkevalde deretter handsamar. Kommunedirektøren legg i sitt framlegg vekt på tiltak som fagleg og heilskapleg sett er forsvarleg, men som samstundes sørger for eit budsjett som har balanse mellom kjente inntekter og utgifter. Etter framlegginga for kommunestyret er det formannskapet som skal gje innstilling til vedtak i kommunestyret. Formannskapet innstiller til vedtak om økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding. Økonomiplanen for dei neste fire åra og årsbudsjettet for det komande året skal vedtakast av kommunestyret før årsskiftet.

Styringsdokumentet er eit webdokument

Bømlo kommune bruker Framsikt – ei skybasert løysing til budsjettering, rapportering og politikarmedverknad. Det betyr at administrasjonen og dei folkevalde brukar denne løysinga gjennom heile prosessen. Kommunedirektøren sitt framlegg og etter kvart kommunestyret sitt vedtak finn du her så snart det er offentleg.

Framsikt 2026-2029

Prøv også KS: Framtidsverkty

Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg vert presentert 26. oktober 2026

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter legg fram sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan 2027-2030 i kommunestyresalen måndag 26. oktober. Her vil du finna faktagrunnlag, talmateriale, presentasjonar og framlegg som vil liggja til grunn for budsjettvedtak i kommunestyret 14. desember 2026.

Presentasjonar frå budsjettkonferansen 22. juni 2026

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter - drift og grovskisse budsjett og økonomiplan 2027-2030 (PDF, 4 MB)

Statsforvaltaren - ROBEK-registrering og konsekvensar Bømlo kommune (PDF, 880 kB)

PwC- program budsjettkonferanse Bømlo 2026 (PDF, 4 MB)

PwC- gruppearbeid budsjettkonferanse Bømlo 2026 (PDF, 6 MB)