Tilsyn

Kommunen skal føra tilsyn med fyringsanlegg i bustadar og fritidsbustadar ved behov. Når me kjem på tilsyn sjekkar me branntryggleiken og kontrollerar om skorsteinen treng feiing. 

Varsel om tilsyn

Melding om at feiaren kjem på tilsyn får du tilsendt som tekstmelding nokre dagar på førehand. Dersom tidspunktet ikkje passar kan du kontakta feiaren på telefonnummeret som er oppgitt i meldinga. Du kan sjå kva opplysningar som er registrert på eigedomen din ved å logga på med bank Id (trygg innlogging)

Lenke til min eigedom  Kva er min eigedom

Kva skjer når feiaren kjem på tilsyn

Føremålet med bustadtilsyn er, saman med huseigar, å sjå til at branntryggleiken i bustaden er best mogleg. 

Me vil då kontrollera følgjande punkt: 

  • at fyringsanlegg er montert i samsvar med monteringsrettleiing og gjeldande regelverk. 
  • at skorsteinen er rett sett opp og fungerer som den skal. 
  • at bustaden har passande brannsløkkjeutstyr.
  • at bustaden har tilfredsstillande tal på og rett plasserte røykvarslarar. 
  • rømingsvegar.
  • andre tilhøve som vedkjem branntryggleiken i bustaden. 

Kva skjer etter tilsynet.

Etter tilsynet er utført vil du motta ein tekstmelding med lenke til "min eiendom". Her finn du opplysningar om avvik og merknader som er avdekka under tilsynet. Døme på avvik og merknader kan vera: 

Avvik og merknader

Avvik vert definert som brot på krav fastsett i eller i medhald av lovgiving eller forskrift. Det kan og vera brot på krav i monteringsvegleiarar. 

Med merknad meinast eit tilhøve som tilsynsetaten meiner det er naudsynt å påpeika for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.

Feiaren kan gje råd om vidare bruk av eldstaden, medan fyringsforbod vil alltid koma som særskilt melding som brannsjefen har underteikna.  

Sjå vår brosjyre som er laga saman med nabokommunar. 

Har du spørsmål?

Andreas Salomonsen
brannforebygger
E-post
Telefon 90 03 47 23
Mobil 90 03 47 23
Til toppen