Nyheitsbrev februar 2023

Rådgivar for folkehelse og frivilligheit sender kvar månad ut eit nyheitsbrev til alle lag og organisasjonar som har registrert kontaktperson i Bømlo. Ynskjer ditt lag og organisasjon å motta nyheitsbrev, kan de sende kontaktinformasjon til lene.borgen.waage@bomlo.kommune.no.

2023 er vel i gang – Håpar det går fint med årsmeldingar, rekneskap og årsmøte – Frivillighet Norge har mange gode ressursar å bruka i dette arbeidet! Dei har også mange gode digitale kurs som leiing av frivillige 21.2 og rekruttering av frivillige 9.3.

  • 18. april kl 18 blir det dialogmøte for alle lag og organisasjonar i kommunestyresalen. For oss blir dette møtet veldig viktig for å få innspel til innhald og prosess for kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit og frivilligpolitisk plattform. Hald av datoen, kom gjerne med innspel til andre tema de ønskjer å diskutera og så kjem me tilbake med påmelding og meir informasjon.
  • Alle mellom 11 og 15 år får dekka inntil 2000,- kr for medlemskontingent/deltakaravgifter i 2023. Det er kjekt å sjå at mange brukar fritidskortet på fakturaer frå ulike organisasjonar. Hugs å melde frå om de byttar kontonummer! https://www.bomlo.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-frivilligheit/fritidskortet/
  • Ta gjerne kontakt med Marianne Lidal, aktivitetsguide i Bømlo, om de ønskjer dialog med trengarar, frivillige leiarar, barn og unge eller føresette om korleis det kan vera enklare å starta eller fortsetja på fritidsaktivitetar. Sjå også kommunen sine nettsider for meir informasjon om aktivitetsguidefunksjonen.
  • Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur vedtok 31.1 å gjera mindre endringar for aktivitetsmidlane i Bømlo kommune. Tilskot blir framleis ikkje gitt til ordinær drift, men til oppstart eller gjennomføring av konkrete prosjekt, aktivitetar eller arrangement. Det kan unntaksvis gjevast tilskot til utstyr for aktivitetsfremjande tilbod. Neste søknadsfrist er 1.4.

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller innspel!

Til toppen