Oppfriskingsdose av koronavaksine

Regjeringa opnar opp for oppfriskingsdose av koronavaksine til personar i aldersgruppa 18-64 år utan underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp. Hjå Apotek 1 (på Sams senter) får du koronavaksine gratis. Influensavaksine kan du få tatt på Helsestasjonen.

FHI oppgir at dette er eit tilbod til dei som ønskjer det, og ikkje ein generell tilråding. Nytta av ny oppfriskingsdose vil vera avgrensa fordi dei fleste så langt har teke dei tilrådde dosane, og mange har i tillegg relativt nyleg gått gjennom infeksjon. Det er likevel andre behov enn reint medisinske som kan liggja til grunn for at enkelte har eit ønske eller behov for å la seg vaksinera. Det kan vera reise, ønskja om å verna omgivnadene sine, ønskja om å redusera faren for meir plagsame symptom etter smitte, eller ei generell uro for sjukdommen.

Alle vaksinar, også koronavaksinane, har biverknader. Dei fleste biverknadene etter vaksinasjon er milde og går over i løpet av kort tid, men det er kjent at koronavaksinane i sjeldne tilfelle kan gi biverknader som kraftige menstruasjonsblødingar og betennelse i hjartemuskelen og hjarteposen. Den enkelte må derfor vurdera nytte opp mot risiko for eventuelle biverknader av vaksinane.

Ta kontakt med oss

Ønskjer du oppfriskingsdose av koronavaksine og er over 18 år, må du sjølv ta kontakt for time. Det er ikkje planlagt for fleire drop- in dagar ved gamle BUS per i dag. Ein kan kontakte Apotek 1 (på Sams senter) og få koronavaksine gratis der. Ein kan fortsatt få influensavaksine på Helsestasjonen.

  • Influensavaksine kostar kr 250.
  • Pneumokokkvaksina kostar kr 450.

Betaling skjer med kort eller Vipps.

Ring vaksinetelefonen 53 42 30 01 eller send E-post til: vaksine@bomlo.kommune.no

Til toppen