Risikogrupper blir tilrådd å teste seg for korona

Denne vinteren har det vore fleire virus i omlaup, og vinterens koronabølge er no på retur. Men me må rekna med fleire koronabølgjer i året som kjem. Det er berre tilrådd å teste seg for korona dersom du har særleg høg risiko for alvorleg sjukdom.

Bømlo kommune har utdeling av gratis testar ved alle legekontor, berekna på personar med særleg høg risiko. På Langevåg er testar tilgjengeleg ved Bømlo omsorgstun når legekontoret er stengt. I tillegg er det plassert ut gratis testar ved Bømlo kulturhus.

Behandling av korona med tablettar

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom. 
  • Alle som er over 80 år

Kva skal du gjere dersom du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du òg feber eller vondt i hovudet. Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Dersom sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din, eventuelt legevakt i helga. Ved positiv test kan det vere aktuelt med behandling som bremsar sjukdomsutviklinga. Det bør vurderast av lege som kjenner sjukdomshistoria og helsetilstanden din, og veit kva legemiddel du brukar frå før. Det er viktig å finne ut om det er trygt å bruke medisin mot korona saman med dei faste medisinane dine. Medisinen er gratis, og blir utlevert frå apotek etter resept frå lege.

Dersom testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen. Dersom symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom
  • Du er over 80 år
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.

Sjukdommar som gjev høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av korona:

  • Aktiv kreftsjukdom eller pågåande eller nyleg behandling mot kreftsjukdom
  • Alvorleg hjerte- eller lungesjukdom
  • Dårleg regulert diabetes
  • Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
  • Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsatt funksjon
  • Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
  • Alvorleg demens
  • Downs syndrom

PS: Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Til toppen