Saman gjennom ei krevjande tid

Bømlo kommune har kome relativt heldig gjennom pandemien. Førebuingar, planverk, fasane gjennom pandemien, korleis samfunnet vart påverka, korleis kommunen handterte situasjonen i over to år frå februar 2020 til juli 2022, og kva har kommunen lært er no samla i ein rapport nyleg publisert.

- Pandemien har synt at me er sårbare, og at det er naudsynt å ha beredskapslager, mellom anna for smittevernutstyr. Beredskapsplanverk må vere kjent, og tilpassast situasjonen. Informasjonsarbeidet er krevjande, og betre informasjonsflyt mellom sentrale mynde og kommunane kunne ha gjort det arbeidet lettare. Mange har bidratt på ulikt vis med stor innsats; både kommunalt tilsette, frivillige, næringsliv og befolkninga elles, og vi har stått saman gjennom ei krevjande tid, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Samlerapporten basert på evaluering i ulike kommunale tenester heiter «Covid-19-pandemien i Bømlo – Evalueringsrapport perioden februar 2020 - juli 2022». (PDF, 3 MB)

Til toppen